Sport før og no

Kunstsnø, tamsnø og villsnø

For å arrangere store skirenn er ein faktisk avhengig av kunstsnø.

Villsnøen kjem ikkje alltid når ein treng han som mest. Foto: Ned Alley / NTB
Publisert

Før OL skulle arrangerast i 1952, skal det ha vore dårleg stemning i arrangørkomiteen, skriv Per Egil Hegge i boka Den norske folkesjela. Det hadde nemleg ikkje kome nok snø i Nordmarka, og snøkanonar som kunne lage kunstsnø, fanst det ikkje. 

Det var så ille at viss ikkje snøen kom, måtte dei flytte heile arrangementet lenger opp i fjella. Tre dagar før opninga tok det til å snø. OL var berga, og ennå skal det visst vere folk i både ski- og oljebransjen som trur at Gud er norsk.

No treng ein ikkje lenger basere seg på Gud når ein skal lage milliardarrangement. For å arrangere store skirenn er ein faktisk avhengig av kunstsnø. Ikkje berre for å få nok til å lage spor, men for å tilfredsstille dei strenge krava til det internasjonale skiforbundet (FIS) for å få løyper med god nok kvalitet. 

Det finst også ein annan utveg dersom ein skulle mangle snø. Det er tamsnø. Kva som eigentleg er tamsnø, er forresten folk og internett i tvil om. Fleire skriv at tamsnø er det same som kunstsnø, og det motsette av villsnø som dalar ned frå himmelen. Hegge skriv at omgrepet tamsnø oppstod i år 2000, då det måtte det køyrast 3000 kubikkmeter snø til eit skirenn som skulle haldast i oslogatene. Men dette var naturleg snø, altså villsnø, som blei flytta ned i gatene. Ikkje kunstsnø, som blir laga av snøkanonar. 

Med eit mildare klima enn før treng me meir kunstsnø. Det er dyrt og krev store mengder vatn og energi. Forskarane jobbar for ein meir miljøvenleg snø. Kanskje vil framtida gi oss grønsnø, varmsnø eller noko heilt anna. 

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement