Sport før og no
Brot, strekk, men moro
God konsentrasjon på Bedriftsidrettens landskonferanse i 1947.
Det er umogleg å snakke om bedriftsidrett utan at nokon må nemne akillesar som ryk, og sjukemeldingar. I året som gjekk, har eg fått teste ut om det verkeleg står så ille til.
Stemninga utanfor gymsalen var lågterskel, ein fyr stod og røykte, og andre snakka om bakrus. Men inne i hallen kokte det, og her fekk eg erfare at bedriftsvolleyball på middels nivå er noko anna enn hagevolleyball. Her fanst system, ekte utstyr og nervar.
Trass i at eg var på lag med veltrente gymlærarar, vart me knuste av både Aker Solutions og SUS. Aker hadde nok toppa laget blant 15.000 tilsette, og kirurgane sikkert finspissa servane.
Sjølv om armane vart blå og ein spelar på laget fekk ballen i hovudet og måtte bli undersøkt av Røde Kors, gjekk det relativt fint. På fotballcupen nokre helger etterpå vart duellane naturleg nok hardare, og laget måtte reise heim med ein deprimert knekt ankel. Årsaka til brotet fekk eg ikkje sett, eg stod på sidelinja og pleia ein strekk.
Genistrek(k)en å blande jobb og mosjon vart påtenkt alt tidleg på 1900-talet. Arbeidernes Idrettsforbund vart stifta i 1924. Sidan er yrkeslivet blitt meir og meir stillesitjande, og vi kan ikkje få nok aktivitet inn i arbeidskvardagen. Utanom klassiske sportsturneringar finst jobbyoga, shuffleboard, pausestrekk, sykle til jobben-aksjonar og stegkonkurransar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.