Frå matfatet
«Kva er eigentleg skilnaden på camembert og brie?»
Er det ein brie eller ein camembert? Forma sender oss i retning sistnemnde, men det er ikkje alltid godt å sjå skilnaden.
Foto via Wikimedia Commons
Kvitmuggost
Visste du at verda tilsynelatande står midt i ei camembertkrise?
Jepp, det er temmeleg krise, og ja, vi skal kome til botnar i ho. Men aller fyrst må vi kome til botnar i det vi lurer på aller mest, men ikkje vågar spørje om: Kva er eigentleg skilnaden på camembert og brie?
Kanskje likar du ingen av desse ostane, kanskje elskar du begge – eller kanskje er du som meg: veldig glad i éin og ikkje like begeistra for den andre.
For meg er det brie. Og det gjev meining: Eg er glad i mjølkefeitt, og brie er feitare enn camembert. Vidare har dei to franske ostane ulikt opphav: Brie kjem frå eit område i nærleiken av Paris, medan camembert er frå Normandie. Det finst òg variantar av camembert og brie som har geografisk vern, Brie de Meaux og Camembert de Normandie, men ostetypane og -namna i seg sjølv er ikkje geografisk verna. Difor har dette mindre å seie for smaken på dei kvitmuggostane du og eg får kjøpt her til lands.
Då er det viktigare i kva storleik dei vert ysta. Camembert er mindre og tjukkare enn brie: Når du kjøper brie, er det som regel i form av eit kakestykke, medan du fint kan investere i ein heil, rund camembert. Dette – forma på osten – påverkar korleis han modnar, og kor kraftig smak han har.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.