Teknologi
Luftreinsar
– Eitt gram kol har ei overflate på fleire tusen kvadratmeter.
Aktivt kol er porøst trekol som er behandla med varm karbondioksid for å verta endå meir porøst. Eitt gram aktivt kol kan ha ei overflate på fleire tusen kvadratmeter som lukt og giftige stoff kan festa seg på.
Foto: Ravedave / Wikipedia Commons
Det eine tek det andre. Idet eg seier farvel til Bergen vatn og pumpestasjonar, kjem eg i skade for å spørja kvifor det luktar så lite her rett over kloakken. Geir Arne Loen peikar på ein svart boks og seier at dei syg ut og reinsar lufta med kolfilter.
På veg heim i bussen googlar eg kolfilter, og det får meg til å lesa artiklar og sjå videoar. Kanskje eg bør testa den nyvunne kunnskapen min på nokon som eg veit kan alt om kjemi? Det er jo ei stund sidan eg har hatt ein fagleg prat med kollegaen min Jarle Diesen. I tillegg er jo han eit muntrasjonsråd av dimensjonar. Eg tek fram bilettelefonen.
– Kvifor brukar dei kol?
– Dei brukar trekol av di det er så porøst. Det er samansett av meir eller mindre lause karbonmolekylstrukturar som er kjemisk upolare, det vil seia nøytrale. Når luktmolekyl kjem i kontakt med kolet, vert dei hengande på kolmolekyla.
– Korleis kan luktmolekyla hengja seg på noko som er kjemisk nøytralt?
– Vel, luktmolekyla er òg elektrisk nøytrale, og når dei kjem i kontakt med kolet, endrar elektronstrukturen seg både i luktmolekyla og i kolet slik at dei heng lausleg saman. Dette vert kalla adsorpsjon, og den svake krafta som verkar mellom dei ulike nøytrale molekyla, kallar me van der Waalske.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.