Frå matfatet

Mat og næringsstoff

NRK prøver å opne for fritt godteforbruk, men nokre høner er ikkje heilt samde.

Coop og Nortura kallar attende egg på grunn av høgt innhold av vitamin D. Korleis fekk slike mengder vitamin D plass i egget i utgangspunktet?
Publisert Sist oppdatert

Dei siste vekene har to tilsynelatande ulike saker vore innom nyhendebiletet for mat: Den eine er katastrofen då Felleskjøpet tilsette for mykje D-vitamin i fôr til gris og høner, noko som både har ført til liding for dyra og destruksjon av 10 millionar egg. Den andre er to saker publiserte av NRK om tunge gutar som fekk beskjed av legen sin om – og eg siterer NRKs nyhendesending for born – «å spise mer godteri».

Som sagt: ved fyrste augnekast to saker utan anna til felles enn at dei handlar om noko vi menneske puttar i munnen. Men kan det vere at dei også deler eit bakanforliggande problem – som altfor sjeldan kjem fram i nyhendebiletet når det gjeld mat?

Kvifor fekk dei to unge gutane NRK har snakka med, løyve til å ete uavgrensa med godteri? Fordi dei ikkje fekk i seg nok næring til å dekke trongen til ein kropp i vekst som får store mengder trening. Konsekvensen vart at kroppen byrja å hente næring frå stader det ikkje bør gå kroppsmasse ut frå, som skjelettet.

Så langt kan det høyrast heilt logisk ut at menneske med ekstrem trong til rask energi og næring må ete mat med ekstremt høgt innhald av rask energi, som smågodt, bollar og sjokolademjølk. Men er det heilt sikkert at det er så enkelt?

Det må då vel vere det? Det sit jo ernæringsekspertar på statskanalen og seier at det er slik?

Ismen bak maten vår

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement