Frå matfatet
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Skal du ete noko godt på nasjonaldagen i år? Maten vi et 17. mai, er om lag like todelt som forholdet vi nordmenn har til mat resten av året: På den eine sida ultraprosessert hurtigmat som pinne-is og grillpølser – mat vi stappar i oss, der mengda er viktigare enn kvaliteten – og på den andre sida forseggjorde frukostbuffear og middagsrettar med lange tradisjonar.
Ein rett som har overlevd lenge på 17. mai-borda, er rømmegrauten. Ja, historia om rømmegraut som festmat er nok endå lenger enn nasjonaldagen: Graut har vore mat til både kvardag og fest så lenge vi har budd i Noreg, og di finare dagen var, di finare råvarer var grauten laga på. Å koke på rømme og fint kveitemjøl eller semulegryn er blant det finaste av det fine.
17. mai vart feira av Stortinget fyrste gong i 1836, men om det var rømmegraut på nasjonaldagen dei fyrste åra, kom nok mest an på korleis våren var. Det er ikkje tilfeldig at rømmegraut er rekna som ein sommarrett med tradisjonell bruk på jonsok, olsok og som slåttegraut. For ein føresetnad for å kunne lage rømmegraut er sjølvsagt at ein har tilgang på mjølk som er feit nok til å ta ut fløyte av. Om ikkje kyrne hadde kalva enno, vart det nok ikkje laga rømmegraut til 17. mai.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.