Ord om språk
«Me kan satsa for fullt på lengdehopp, skihopp eller andre greiner der satsen er avgjerande.»
Teikning: May Linn Clement
Me kan satsa på at det går bra å ha mange liter med sats til heimebrent ståande, men å satsa frå satsdunken er ikkje tilrådeleg. Då er det betre å finna seg eit springbrett eller eit underlag som toler at me tek skikkeleg sats. Om ein ikkje er huga på brenning eller hopp og sprett, kan ein laga blomsteroppsatsar, høyra på ein symfoni med fire satsar eller rundvaska trappeavsatsen.
Sats er ikkje noka ny storsatsing, men det er ikkje mellom dei eldste orda våre heller. Me kan seia at arveord er motsatsen til lånord, og sats høyrer heime i den sistnemnde flokken. Utgangspunktet er tysk Satz, som er avleitt av verbet setzen (‘setja’). Mange av samansetjingane med sats kjem òg frå tysk, som avsats (Absatz) og innsats (Einsatz). Verbet satsa er avleitt av sats.
Sats er i ætt med arveorda setja og sitja, og grunntydinga er ‘det å setja’. Setjing kan vera so mangt, til dømes å setja typar (type i tydinga ‘(avtrykk av) støypt eller utskoren bokstav eller anna teikn til å prenta av på papir eller liknande’). Slik setjing er det ikkje mykje av no, men mange veit at sats er nemning for ‘typar stilte saman til tekst som skal prentast’ («stå i sats», «sperra sats»).
Det er heller ikkje kvardagskost å møta sats i tydingane ‘tese; setning som målber ålmenn sanning; fyndord’ («ein matematisk sats»). Unnataket er vel kraftsatsane (‘utsegn i sterke ordlag, dryg påstand’). Dessutan veit mange at tysk Satz har hovudtydinga ‘setning’ (t.d. einen Satz sprechen können ‘kunna seia ei setning’).
Sats kan òg vera noko som er fastsett (timesats, minstesats), eller noko me har sett i hop, til dømes ei eksplosiv blanding (tennsats, «satsen på ei fyrstikk»). Når me set noko på spel eller set inn tid, pengar og krefter på noko, er det gjerne innsats, satsa og satsing som svingar seg. Folk satsar på galen hest, doblar innsatsen, finn nye satsingsområde og driv redningsarbeid med livet som innsats.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.