Ord om språk
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
Stundom er det best å sleppa til friske krefter, men den tanken har nok ikkje streifa fersk og frisk. Ingen av dei er blodferske, og ingen av dei ser ut til å trenga forfriskingar. Dei er to røynde friskusar som toler friskt vêr og frisk tale og framleis har mange friske fråspark inne.
Dessutan er fersk og frisk strengt teke to former (lågtysk versch og vrisch) av det same ordet. I målføra våre er endå fleire former i sving. Til dømes kan folk finna på å seia farst, feskt eller fekst for ferskt og frikst for friskt.
Til grunn for alt saman ligg ei indoeuropeisk rot som opphavleg tydde noko slikt som ‘usalta, ugjæra’. I dag er det gjerne fersk me nyttar i desse tydingane. Me har ferskmat som ferskfisk og ferskkjøt, og nokre stader har dei ferskvaredisk. Ikkje minst har me ferskvatn.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.