Frå matfatet
«Om høyringsinnspela frå Helsedirektoratet vert inkluderte, risikerer ein å kriminalisere heilt vanleg mat.»
Små-ulovleg: Godtet er smått, men er denne reklamen retta mot små eller store menneske? Det kan få alt å seie dersom ei ny forskrift vert vedteken.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Bør det verte forbode å reklamere for usunn mat og drikke til born og unge? Det har iallfall Stortinget vedteke at det skal verte, og Helse- og omsorgsdepartementet har laga utkast til ei forskrift som har vore på høyring no i haust.
Med andre ord har ikkje dei nye kosthaldsråda fått verte kalde eingong før vi igjen er i gang med å diskutere kva mat som er sunn nok for borna våre.
Det er ein god del bra i retningslinjene slik dei ligg føre i høyringsnotatet: Forbodslista inkluderer energibarar, har tilnærma nulltoleranse for kunstige søtstoff (born med liten kropp har lågare toleranse for slikt) og skil mellom produkt som styresmaktene tilrår å unngå å ete – godteri, snacks, brus og liknande – og produkt som vi vert tilrådde å avgrense inntaket av.
For produkt som yoghurt, frukostblandingar, ferdigmat og liknande vert det tilrådd å innføre grenseverdiar som avgjer om dei får marknadsførast mot born eller ikkje: Berre yoghurt med lågt sukkerinnhald slepp gjennom, til dømes, og slik vil forskriftsskrivarane sørgje for at produsentar som ønskjer å marknadsføre produkta sine mot born, held seg til sunnare råvarer.
Likevel er det også her mykje av problema oppstår. For kva er for mykje metta feitt i ein yoghurt? Kva skal få definere om ein ferdigmiddag med ørten komponentar er sunn eller usunn?
Nei til syltetøy
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.