JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ord om språkKunnskap

På berr bakke

Til og med bank (‘pengeinstitusjon’) heng i hop med bakke. Koplinga mellom dei er ikkje at banken hjelper eller lèt vera å hjelpa folk som står på berr bakke.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: May Linn Clement

Teikning: May Linn Clement

2520
20240830
2520
20240830

Kyrkjebakken spelar ikkje same rolla som før, men bakke opp og bakke ned er det likevel, både i landskapet og livet elles. Nokre strevar i motbakke år etter år, og det kan gå nedoverbakke eller utforbakke med verksemder, folk og mangt anna. Tyder det at bakkar støtt er leie? Me får leggja bakke i bakken og sjå nærare på det.

Røtene til bakke (norr. bakki) er løynde, men grunntydinga er truleg ‘høgd’. Det nærskylde ordet benk (norr. bekkr) tydde opphavleg noko slikt som ‘opphøgd del av jordgolv (til å sitja på)’. Eit anna nærskyldt ord er banke (‘større grunt område i sjøen; tett samling av skyer, skodde’). Me kan seia skybanke eller skybakke – tydinga er den same. Engelsk bank (‘voll; grunne; breidd; skrent’) skal vera lånt frå nordisk.

Til og med bank (‘pengeinstitusjon’) heng i hop med bakke. Koplinga mellom dei er ikkje at banken hjelper eller lèt vera å hjelpa folk som står på berr bakke. Nei, teorien er at dette germanske ordet tidleg vart lånt inn i italiensk, der det fekk tydinga ‘pengevekslardisk’. So har ordet kome inn att i germansk i lag med den nye pengetydinga si.

Ei rad ord liknar på dei ovannemnde, men har eit anna opphav. Banka og bank (t.d. hjartebank, «få bank») er ljodord. Verbet bakka (t.d. «bakka ut», «bakka opp») heng i hop med engelsk back og vårt bak. Bakk(e) (t.d. spyttebakk) er skyldt bekar (òg kjent som beger), bekken og basseng. Men bakka (‘laga bakke’) kjem av bakke: «Det tek til å bakka imot.»

Bakkestart kan vera vanskeleg, og det har vore kollisjonar på mang ein bakketopp. Men bakkane byd òg på moro, jamvel om det kostar krefter å fara opp og er farleg å fara (snøgt) ned. Det er gjævt å vinna motbakkelaup, og mange stortrivst i akebakken, skibakken, slalåmbakken og hoppbakken. Nokre hoppar bakken ned og set bakkerekord, andre mislukkast med landinga og går (bums) i bakken.

Der fekk me eit døme på at bakke ikkje berre tyder ‘terrengskråning’, men òg ‘mark, jord’. Me kan fint bu på bakkeplan eller bakkenivå endå det ikkje finst bakkar i nærleiken. Flyplassar ligg på flate stader, likevel aular det av bakkepersonell, bakkemannskap eller folk «på bakken» (jf. òg bakkestyrke). Anten du heiter Bakke, Bakken, Solbakken eller noko anna, gjeld det å ha god bakkeklaring utan å missa bakkekontakten.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

ÅshildEliassen

Trygve Seim og Frode Haltli har samarbeidd musikalsk i 20 år.

Foto: Hubert P. Klotzeck / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Praten flyt lett

Samtalen mellom Seim og Haltli er eksistensielt viktig.

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis