JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ord om språkKunnskap

Tung på gassen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2352
20240913
2352
20240913

Gassar kan gjeva oss mykje godt, til dømes ljos og varme. Mange har laga seg mat på gassgrill, gasskomfyr eller andre gassapparat, reist med buss som går på biogass eller fått lindra smertene sine med lystgass. Gassane har òg vore nytta på vondskapsfullt og døyeleg vis, noko ord som gasskammer minner oss om. Lat oss likevel bora i dei språklege gassfelta.

Gassane er gamle, men nemninga gass er heller ny. Me kan endåtil peika ut ein opphavsperson: den flamske lækjaren og kjemikaren Jan Baptista van Helmont (d. 1644). Me veit ikkje presist korleis ordsmidinga gjekk til, men han har truleg teke utgangspunkt i gresk khaos i tydinga ‘det tomme rommet, det formlause emnet som verda vart skapt av’. Khaos er same ordet som latin chaos og vårt kaos.

Tydinga til gass (nederlandsk gas) har endra seg etter kvart som kunnskapen om og bruken av gassane har endra seg. Helmont oppfatta gass som ei form for vatn. Den moderne tydinga ‘emne som har luftform ved normal temperatur og normalt trykk’ skal vera frå slutten av 1700-talet. Like etter kom tydinga ‘brenneleg luftformig emne’. Kunstordet til Helmont greier seg imponerande godt. Det er gass-førekomstar både her og der.

Ofte møter me gass i tydingane ‘drivstoff i forbrenningsmotor; gasspedal’ (jf. amerikansk-engelsk gas, stytt form av gasoline ‘bensin’). Me kan trø inn eller sleppa gassen, gjeva full gass eller botn gass (jf. «klampen i botn»), gassa på, gassa og kløtsja og finna ut om ein bil er lett eller tung på gassen. Ordlaget «rusk i forgassaren» kan vera bokstavleg eller biletleg, ikkje heilt ulikt «sand i maskineriet».

Mange demonstrerer mot utslepp av klimagassar og mot utvinning av olje og gass. Går det for heitt for seg, kan politiet finna på å nytta tåregass. Det er ikkje godt å få slikt på seg, men tåregassane er ikkje rekna mellom dei døyelege stridsgassane. I den flokken finn me nervegassar, kvelegassar, hudgassar (t.d. sennepsgass) og blodgassar (t.d. blåsyre, nytta av nazistane under merkenamnet Zyklon B).

Gasseksplosjonar, gasslekkasjar og gassforgifting kan vera reine uhell òg. Det ser elles ikkje ut til at verbet gassa (‘fråtsa’, t.d. «gassa seg med mat», «gassa seg i sladder») har noko med gass å gjera, jamvel om det kan verta mykje tarmgass av slikt.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

ÅshildEliassen

Trygve Seim og Frode Haltli har samarbeidd musikalsk i 20 år.

Foto: Hubert P. Klotzeck / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Praten flyt lett

Samtalen mellom Seim og Haltli er eksistensielt viktig.

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis