Ord om språk
«Øving er ei form for arbeid, og sanneleg heng øva etymologisk saman med latin opus (‘arbeid, verksemd’).»
Teikning: May Linn Clement
Øving gjer meister. Ja, men når me har øvt lenge og framleis ikkje er vortne so gode som me ynskjer å vera, kan slike visdomsord vera meir irriterande enn oppmuntrande. Særleg om me ser at andre treng færre øvingstimar enn me sjølve gjer. Ei mogleg løysing då er å roa seg ned med nokre puste- og avspaningsøvingar.
Skal ein verta retteleg god i noko, hjelper det med medfødde evner, men det må øving til òg. Korleis styrketilhøvet er mellom gjevnad og øving, og kor mange timar med målretta øving som må til, er store spørsmål som folk med godt oppøvd kritisk evne skal få stella med. Her slår me berre fast at det å øva inn ein song og halda brannøving ofte tek mindre tid enn å øva seg opp att etter ein alvorleg skade.
No skal det ha kome tydeleg fram at øving er ei form for arbeid, og sanneleg heng øva etymologisk saman med latin opus (‘arbeid, verksemd’). Båe orda er runne av ei indoeuropeisk rot som tyder ‘arbeida, produsera mykje’. Av same rota kjem emne (norr. efni ‘vyrke; midel, gods’) og truleg avl.
Å greia ut om etymologi er ei pliktøving i spalta, og då meiner eg pliktøving i tydinga ‘obligatorisk del’ (jf. tevlingar i t.d. kunstlaup), ikkje ‘noko ein gjer utan lyst og overtyding’. For det er då moro: Gjennom latin opus heng øva i hop med ord som opera, operera og manøver (gjennom fransk, av latin manus ‘hand’ og opera ‘arbeid’). Gjennom latin opis (genitiv av ops ‘makt, kraft; rikdom’) heng øva i hop med optimal og opulens (‘rikdom, overflod’).
I kvardagsmålet vert øva oftast nytta i tydinga ‘trena, læra opp’. Sidan kroppen støtt er med oss, kunne me ha sagt at det å øva seg i tolmod eller øva på fela er like mykje kroppsøving som det å gjera gymnastikkøvingar. Same kva: Tenk deg om to gonger før du et middag hjå nokon som er heilt uøvd i matlaging!
Øva har elles andre tydingar, til dømes ‘gjera, bruka’ («øva press», «øva vald mot nokon»). I same gata finn me samansetjinga utøving (t.d. maktutøving, religionsutøving).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.