Ord om språk
På berr bakke
Til og med bank (‘pengeinstitusjon’) heng i hop med bakke. Koplinga mellom dei er ikkje at banken hjelper eller lèt vera å hjelpa folk som står på berr bakke.
Teikning: May Linn Clement
Kyrkjebakken spelar ikkje same rolla som før, men bakke opp og bakke ned er det likevel, både i landskapet og livet elles. Nokre strevar i motbakke år etter år, og det kan gå nedoverbakke eller utforbakke med verksemder, folk og mangt anna. Tyder det at bakkar støtt er leie? Me får leggja bakke i bakken og sjå nærare på det.
Røtene til bakke (norr. bakki) er løynde, men grunntydinga er truleg ‘høgd’. Det nærskylde ordet benk (norr. bekkr) tydde opphavleg noko slikt som ‘opphøgd del av jordgolv (til å sitja på)’. Eit anna nærskyldt ord er banke (‘større grunt område i sjøen; tett samling av skyer, skodde’). Me kan seia skybanke eller skybakke – tydinga er den same. Engelsk bank (‘voll; grunne; breidd; skrent’) skal vera lånt frå nordisk.
Til og med bank (‘pengeinstitusjon’) heng i hop med bakke. Koplinga mellom dei er ikkje at banken hjelper eller lèt vera å hjelpa folk som står på berr bakke. Nei, teorien er at dette germanske ordet tidleg vart lånt inn i italiensk, der det fekk tydinga ‘pengevekslardisk’. So har ordet kome inn att i germansk i lag med den nye pengetydinga si.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.