Ord om språk
Panneband i langpanna
Har verkeleg panna på hovudet og panna på kjøkenet (og taket) noko med kvarandre å gjera?
Teikning: May Linn Clement
Når det står i ei matoppskrift at noko skal fresast i panna, veit me at forfattaren meiner panne i tydinga ‘koke- eller steikjekar’ og ikkje ‘øvste og fremste delen av hovudet’. Rett nok kan me seia til folk med feberheit panne at panna deira er so varm at me kan steikja egg og annan mat der. Men steikjepanner og wokpanner høver best til slikt. Kven vil vel ha matsøl i panneluggen?
Når me tenkjer på ord med patina, står nok ikkje panne øvst på lista. Dei gongene ordet dukkar opp i ordtak, kjem det stort sett dårleg ut: «Panna skal ikkje le åt gryta; dei er svarte båe to.» Og: «Det er brotne panner i alle land.» (Panne i tydinga ‘(bogen) takstein’.) Med andre ord: Det er lyte å finna alle stader.
Kan henda er det nokre som rukkar panna og trur at det er vorte surr og rot bak pannebrasken til spaltisten. Har verkeleg panna på hovudet og panna på kjøkenet (og taket) noko med kvarandre å gjera? Ja, opphavleg er panne og panne det same ordet. Truleg kjem det av latin patina, som tydde ‘skål, fat’. Likskapen mellom skåler og hovudskallar er stor. Ikkje uventa heng orda skål og skalle etymologisk i hop.
I italiensk fekk patina tydinga ‘overdrag, lakkering, dekke’. Då nærmar me oss patina slik det vert nytta i norsk i dag (‘grønleg hinne på yta av kopar og bronse; etterlikning av slik hinne; gamalt, ærverdig preg’). Både botnpanner (‘underdel i motor’) og krutpanner (‘lita skål til å ha fengkrutet i’) kan ha patina, vel?
Retten pytt-i-panne er meir kvardagsleg og nedpå enn ærverdig. Kvar namnet kjem frå, er uvisst. Kan henda er det svensk «putta i panna!» som ligg til grunn.
Nokre kan kunsten å steikja pannekaker i jarnpanne, andre tykkjer at teflonpanne gjer arbeidet lettare. Men kor tenleg er alt dette teflonet? Teflonhjerne er i alle høve upraktisk. Frisk og fin pannelapp, derimot! Pannelappen er hovudsetet for til dømes planlegging, impulskontroll og personlegdom. Det motoriske språksenteret Brocas senter ligg òg der.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.