Frå matfatet
Parmesan
Tusen år gamle ystetradisjonar får ikkje plass i ei dressingflaske.
Himmelen? Ja, for mange er eit modningslager for Parmigiano-Reggiano ikkje langt unna.
Foto: Marco Vasini / AP / NTB
Det skjer med jamne mellomrom, men no var det ei stund sida sist. Og godt er det: å treffe på produkt som er så tåpelege, ja, beint ut respektlause som den smått legendariske majonesprodusenten Hellmann’s nye dressing, gjer meg både trist og forbanna. Det er ikkje kjensler eg ynskjer å fylle meg med oftare enn høgst naudsynt – og er det noko ingen treng, er det nettopp Hellmann’s Parmesan & Roasted Garlic Flavour Sauce.
Kvifor dette er noko å hisse seg sånn opp over, seier du? Jau, fordi Hellmann’s såkalla parmesansaus ikkje inneheld ein einaste liten smule parmesan. For at du skal kunne fylgje meg på kjenslereisa som syner kor frekt det er at dei likevel vågar å nytte namnet til den verdskjende osten på produktet sitt, skal du vere med meg på ei virtuell reise til Parmigiano Reggiano.
Berre to ostar er like
Den fyrste registrerte omsetninga av Parmigiano Reggiano – eller parmesan på norsk – gjekk føre seg på 1200-talet, og det var benedikter- og cisterciensarmunkar som for tusen år sidan utvikla osten: Ved å bruke fersk kumjølk og salt frå gruvene i Salsomaggiore skapte dei ein ost som kunne lagrast lenge.
Mjølka fekk dei frå bønder i området, som fôra kyrne med gras – og slik har det halde seg heilt fram til i dag: Framleis er det berre i dei italienske regionane Parma, Reggio Emilia, Modena og Mantua at ein kan produsere Parmigiano Reggiano. Og framleis byrjar smaken ute på jorda: Kyrne et berre gras frå enger som ikkje vert verken sådde eller pløgde eller kunstgjødsla, og slik endar dei opp med eit unikt biologisk mangfald.
Dei 3000 bøndene som er del av konsortiumet Parmigiano Reggiano, leverer mjølk til eitt av 300 meieri som alle saman ystar på same måten. Skumma kveldsmjølk vert blanda med heil morgonmjølk og tilsett mjølkesyrekultur gjennom myse frå førre ysting.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.