Frå matfatet

Plantevernmiddel

Fertilitetsproblem kan òg ha kjemiske årsaker.

Berre sprøyt – men kva vert konsekvensane?
Berre sprøyt – men kva vert konsekvensane?
Publisert

Nei, kva seier de, folkens, skal vi rett og slett oppdatere oss litt på situasjonen kring bruk av kjemiske plantevernmiddel i det europeiske landbruket? Det er ei stund sidan sist, og ting skjer:

Om det ikkje var dette temaet som fekk mest merksemd før EU-valet i juni, så var det på agendaen – mellom anna i Danmark, der både statsminister Mette Frederiksen og toppkandidaten til EU-valet Christel Schaldemose (begge Socialdemokratiet) i vekene før valet gjekk ut i media og varsla at dei ynskjer seg eit forbod mot hormonforstyrrande stoff for å redde den danske fertiliteten.

For noko må gjerast. Den danske fertiliteten er nesten like låg som den norske: 1,5 danske born vart fødde per kvinne i 2023. Her kan ein sjølvsagt skulde på alt frå Tinder til kravstore kvinnfolk – eller ein kan sjå på reproduktiv helse og eksponering for kjemikal.

Ei kjemikalgruppe danske styresmakter alt – og mot EUs regelverk – har sett i gang tiltak for å verte kvitt, er dei såkalla PFAS-stoffa. Dette er ei stor gruppe fluorhaldige stoff som gjerne vert kalla «kjemikalium for æva» på grunn av den lange tida dei brukar på å verte brotne ned i naturen.

Kva dette har med mat å gjere? PFAS finst i sleppbelegget på kjelar og steikepanner, i plastemballasjen maten er pakka inn i, og i ulike plantevernmiddel som vert brukte i landbruket – sjeldan som aktivt stoff, oftare som hjelpestoff eller som resulterande nedbrytingsprodukt (når aktive stoff vert brotne ned med tida, endar dei som eit PFAS).

Det er her danskane driv aldri så lite sivil ulydnad: Dei forbaud bruk av PFAS i matemballasje alt i 2020, utan at det var regulert i det felleseuropeiske kjemikalregelverket Reach.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement