Ord om språk
«Prokrastinera er eit nyttig ord, sidan det viser til ei eiga form for utsetjing.»
Teikning: May Linn Clement
Å prokrastinera er å utsetja noko ein har planlagt å gjera, endå ein veit at det er dumt. Ein driv med utenleg utsetjing, rett og slett. Ordet har kome til oss gjennom engelsk frå latin procrastinare (av pro og crastinus ‘det som har med morgondagen å gjera’). Det er eit nyttig ord, sidan det viser til ei eiga form for utsetjing. Men lat oss ikkje gløyma dryga (norr. drygja, landsmål drygja)!
Dryging femner både utsetjing, uthaling og rein somling. Ei rad ordtak åtvarar mot slikt: «Lenge avdrygt vil lett vera avgløymt.» «Avdrygsla tek alt som ho får.» (Når noko ikkje vert gjort med det same, er det ikkje lett å få det gjort sidan.)
Det kan vera gode grunnar til at me dryger med svaret, dryger til kvelds (ventar, vert verande) før me fer vidare, eller lèt noko dryga ut. Dryging treng soleis ikkje vera dumt. Men om ein ligg under i ein fotballkamp og byrjar få det travelt, er det uuthaldeleg å sjå på at motspelarane dryger tida. Den som fordryger seg, dryger for lenge og vert (for) sein.
Dryga vert òg nytta om å gjera noko meir dugande, mettande eller varande, stutt sagt: gjera noko drygt eller drygare («dryga kjøtdeigen med brune bønner»). Luringen dryg (ofte uttala drug) er ikkje dryg over baken, og ordhistoria til dryg er ikkje dryg i tydinga ‘grov, usedeleg’. Men teoriane om opphavet til ordet kan sparka i gang langdryge ordskifte.
Det nedervde adjektivet dryg og bokmålsordet drøy (av dansk drøj) er so like i form og tyding at det ligg nær å tenkja at dei er to utgåver av det same ordet. Men nei: Det kan henda at dryg og drøj ikkje heng etymologisk saman i det heile. Ein dryg påstand?
I Våre arveord står det at dryg truleg heng i hop med ei germansk rot med tydinga ‘gjera, setja i verk’. Dansk drøj, derimot, ser ut til å koma av eit anna adjektiv, som svarar til norsk drøg (om hest: ‘som er (fullvaksen, tamd og dimed) før til å draga lass’), og som er i ætt med draga. Kven veit!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.