Ord om språk
Rytmisk sans
Teikning: May Linn Clement
Dagane
vert ljosare, og nokre merkar at døgerrytmen deira endrar seg litt. Dei synest
ikkje lenger at dei får hjarterytmeforstyrringar når vekkjarklokka ringjer
tidleg om morgonen. I staden sprett dei opp og rytmar seg over golvet og inn på
badet. Eit lite taktskifte i ny og ne er velkome, men å snu døgeret jamt og å arbeida
om natta er visst ikkje bra for kroppsrytmen.
Når me finn rytmen eller kjem inn i ein fin og lett
rytme, kan me få kjensla av at alt berre flyt. Då er det tale om flyt i
biletleg meining, men rytme har sanneleg ei kopling til vatn og væske. Det
kjem av gresk rhythmos, som i ordbøkene ofte står med tydinga
‘bylgjerørsle’.
Nokre gissar at rytme heng i hop med det greske
verbet rhein (‘strøyma, renna’), som me finn att i lånorda diaré
og revmatisme. Anten rytme og diaré er nærskylde eller
ikkje, er det ein dårleg idé å setja i gang med rytmisk (sports)gymnastikk når
ein har laus mage. Av rytme kjem elles arytmi, eurytmi, rytmikk,
rytmisk og rytmisera (‘gjeva rytmisk form’).
Hovudtydinga til rytme er ‘(regelfast) skifte i
trykk eller styrke i musikk, poesi eller tale’. Når ein song har rytmisk driv
eller drivande rytmar, svingar det skikkeleg. Rytmeinstrument kjem i mange
former, frå små rytmeegg til digre trommesett. Gitaren kan òg dukka opp i
rytmeseksjonen i eit band («spela rytmegitar», til skilnad frå sologitar).
Det seier seg sjølv at folk med god rytmeevne eller
rytmekjensle har lett for å spela, dikta og røra seg rytmisk. Ingenting i vegen
med rytmesansen der, nei! Andre prøver å skriva dikt med rim og rytme, og so
vert det berre nokre haltande vers. Kan henda har dei andre rytmiske talent. Rytme
er viktig i idrettar flest, og ein kan springa og spela rytmisk på bana jamvel
om ein slit med verserytme.
Når me talar om einingar med ein viss grunnrytme, grip me
gjerne til takt. Det kjem av latin tactus (‘det å røra ved’, jf. taktil)
og viste opphavleg til ‘dirigentens slag med taktstokken mot bordet for å
markere hovedaksenten’, opplyser Det Norske Akademis ordbok.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.