Ord om språk
Spenstig hårspenne
Teikning: May Linn Clement
Dersom
ein har stort vengespenn, eller berre venger i det heile, er det ikkje so nøye
med spensten. Ein kjem seg lett opp i vêret, langt over høgspentleidningane, og
kan jamvel leggja ut på ein verdsomspennande flygetur. Spenner eg strengen for
stridt no? (Eit gamalt og velklingande alternativ til «tøya strikken for
langt»!)
Spennvidda til spenn-orda er i alle fall stor. Dei
kjem av arveordet spenna (‘spila, strekkja ut; stramma; femna om; festa
med spenne’), som heng i hop med spinna og spana (jf. spanande,
spaning). Andre medlemer i denne ætta er hokjønnsorda spenne («sko
med spenne») og spann (‘lengd som ein kan måla med å tøya fingrane frå
kvarandre; fingermål’).
Me har to andre spenna-verb: Det eine er sterkt og
tyder ‘syna teikn til liv, røra seg’ («bjørnen slo sauen so det ikkje spann i
han»), det andre er lint og tyder ‘sparka’ («spenna frå», «spenna borti»,
«spenna bein under»). Dei to er i ætt med kvarandre og med sparka, spord,
sperre og truleg spenna (som i «spenna galen»). Men dei har ikkje
noko med spana, spenna (‘spila ut’) og spinna å gjera.
Frå det sistnemnde spenna kjem luringen spenn,
som vert nytta om ‘det å vera stramt utspent’ («stå i spenn»), ‘berande
konstruksjon, boge, strekk’ («brua har eit spenn på sytti meter») og ‘omfang’
(«eit vidt spenn av sjangrar»). Me kan gå i halvspenn eller heilspenn og ha
nervane i høgspenn. Kan henda tykkjer somme at me er nervøse og overspente.
Å vera avspent er ikkje lett når spenninga mellom folk og
statar aukar og avspenningspolitikk er ut. Me får spenna fast setebeltet og
kryssa fingrane. Sant å seia er me godt forspente (el. førespente, ‘utrusta’)
med spenn-ord og vendingar som dreiar seg om å festa noko. Har me hest,
kan me spenna for. Me kan spenna av og på oss skiene eller ha dobbelspent
jakke, sylvspente skor og stor beltespenne.
Å spenna bogen eller forventingane for høgt er sjeldan
lurt. Endå verre er det å fikla med elektrisk spenning utan å ha greie på det
(jf. høgspenning, lågspenning). Greitt at ein likar fart og
spenning, men det finst andre spennande syslar her i verda.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.