Ord om språk
Spikaren i kista
Kiste i Sjurstua på Eiktunet
Foto via Wikimedia Commons
«Ei
tom kiste tarv ikkje lås», seier ordtaket. Ei full kiste kan òg greia seg utan
lås, dersom eigaren bryr seg lite om det som er oppi. Anten me har pengar på
kistebotnen eller ikkje: Ordet kiste er ei skattkiste.
Kiste kom inn i norrønt frå latin cista
(‘kasse, skrin’), som har det frå gresk kiste (‘boks, kiste’). Opphavet
er uvisst. Ordet sisterne eller cisterne (latin cisterna
‘tildekt brunn’) vart lånt inn seinare enn kiste, men det òg kjem av
latin cista.
Dessutan høyrer engelsk chest til her. Det vert
ofte nytta om ‘bryst’, men grunntydinga er ‘kiste, skrin’. Tydinga ‘bryst’ er
biletleg og kjem av at folk har tenkt på ribbeina som ein «boks» for hjarta
(jf. vårt brystkasse). Her heime kan folk finna på å seia hjernekiste
for ‘hjerne(kasse)’.
Norrønt kista tydde ‘stor kasse med lok; likkiste;
pengekiste’. Det ter seg i samansetjingar som bókakista (‘bokskrin’), fatakista
(‘kledekiste’) og gullkista. Av kista kjem det gromme ordet kistill
(‘lita kiste’), som er vorte norsk kistel. I stadnamn vert kiste
nytta om tronge fjellkløfter, djupe skard og liknande (t.d. Kistefoss).
Ofte viser kiste til den avlange kassa som vert
den siste kvilestaden for mange av oss. Me vert lagde i kista, og kan henda
ligg me ei stund i open kiste før nokon legg på kisteloket. Dersom noko kjem
til å medverka til at nokon døyr, kan me seia det vert ein pinn (el. nagle) til
kista deira. Levande folk kan vera kisteferdige eller kistetrøytte. Då er dei
anten reiuge til å døy eller veldig slitne.
I gravferder plar folk koma i kisteklede (‘finklede’). Ordet
kisteklede står veikt no som me helst har kleda i skuffer og skåp. Folk
har hatt kister til mange ulike føremål, som brevkiste, ferdakiste, matkiste og
verktøykiste. Ei ostekiste er ei osteform og ålekiste ein fangstreiskap. Kister
har ofte namn etter innhaldet, men det gjeld ikkje brurekista (som ho har med
seg heimanfrå) og handkista (som kan berast i handa).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.