JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SpråkKunnskap

Over alle haugar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2356
20210702
2356
20210702

I dag skal me sjå nærare på eit hauggamalt ord som slett ikkje er moge for skraphaugen. Om ordet er kongen på haugen, er vanskeleg å seia, i alle fall no som snøhaugar flest er borte. Ja, for det er vel snøhaugar som eignar seg best til slik leik? Sandhaugar, grushaugar og slagghaugar kan òg høva. Det er litt verre med kvisthaugar, komposthaugar og møkhaugar.

Som me alle veit, viser haug til ei høgd i terrenget, helst ei rundvoren og måteleg låg eller lita høgd. Høge fjell har sjeldan haug i namnet. Eit av dei som har det, er Heimdalhaugen nord i Grong kommune (1159 moh.). Men det skortar ikkje på haugar her i landet. Haug er eit overlag vanleg grunnord i norske stadnamn. Her finst usamansette former som Haug, Hauge, Haugar, Hauger, Haugen og Haugan(e), og samansette former som Haugastøl, Haugesund og Haugalandet. Ordet kan òg vera sistelekk, som i Ullandhaug og Hegdehaugen. Som ventande er, heng haug i hop med adjektivet høg (og engelsk high, tysk hoch og so bortetter).

Me kan verta borte bak ein haug og vera over alle haugar. Nokre nyttar «bort i haugane» på same måten som dei nyttar «bort i hampen», «bort i veggene» og liknande: «Tenk å vera so bort i haugane tåpeleg!» I tillegg til dei haugane som tida og naturkreftene har laga til, finst det haugar som folk har fått i stand sjølve. Dei haugar opp veden, kjøper ein haug med bøker eller får gåver i haugevis. Kleda ligg i ein haug på golvet. Me kan erva ein haug med pengar, men dei handfaste pengehaugane ser me lite til i dag. Har dei hamna på historias skraphaug?

Lat oss endeleg ikkje gløyma gravhaugane. Å leggja folk i haug er ikkje vanleg lenger, i staden set me fagfolk til å granska og grava ut dei haugane som alt finst. Enn om dei støyter på haugfolk! Haugfolk, haugbonde og liknande haug-nemningar har vore nytta på ulike måtar. Stundom har dei vist til den fyrste rydningsmannen på garden, rudkallen, som budde i ættehaugen og fylgde med på dei som kom etter. Men haug-orda har òg vore nytta om underjordsfolk i vidare meining – og som utnamn (jf. Haugtussa, der synske Veslemøy på folkemunne vert heitande Haugtussa). Merk elles at haugteken har fått ein litt annan lagnad enn bergteken. Me kan verta bergtekne av musikk, til dømes, men kan me verta haugtekne?

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.

E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gravfølgjet for Mohammad Mahdi Ammar og Abbas Fadel Yassin, båe drepne av eksploderande personsøkjarar i Beirut. Ammar er son til ein framståande medlem av Hizbollah-rørsla.

Foto: Mohamed Azakir / Reuters / NTB

KommentarSidene 2-3

Krig med personsøkjarar i folkerettsleg gråsone

Kvelden før personsøkjaråtaket endra Israels krigskabinett målsetjingane med krigen i nord. Ei eskalering låg derfor i kjømda.

Cecilie Hellestveit

Laila Goody, Maria Ómarsdóttir Austgulen, Trond Espen Seim og John Emil Jørgenrud i nachspielet frå helvete som stykket til Edward Albee blir kalla.

Foto: Erika Hebbert

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Sterkt om livsløgn og overleving

Gode skodespelar­prestasjonar i intens kamp på liv og død.

Den nye statsministeren i Frankrike, Michel Barnier, blir klappa inn av den utgåande, Gabriel Attal, i ein seremoni på Hôtel Matignon i Paris 5. september.

Foto: Stephane De Sakutin / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ny statsminister med gjeld, utan budsjett

No lyt alt skje raskt i fransk politikk for å avverje nye kriser.

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl på veg til pressetreffet om motarbeiding av kriminalitet. Også statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum deltok.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

– No ser me effekten av færre politifolk

Det er mykje regjeringa kunne gjort som dei ikkje har gjort. Me er ikkje imponerte, seier Helge André Njåstad (FrP).

Då nordmennene kom til Færøyane, eller Fårøyane, rundt 800 var «hagane fulle av sau, som irane hadde ale upp, bergi tekte med fugl, nøgdi med rekved til husbyggjing, fisk og kval utanfor døri og vetrar so milde at sau og hest levde ute», skreiv landsfaderen Jóannes Patursson i boka Frå Færøyane i 1925.  I dag er det om lag 70.000 sauer som går fritt ikring, også rundt Tórshavn.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Nytt frå vestfronten

Ute i Atlanterhavet ligg Færøyane som ein front mot lågtrykk, vestavêr og liberale haldningar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis