«Satsing på praksis i skulen har vorte lova fleire gonger før.»
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) legg fram stortingsmeldinga «En mer praktisk skole».
Foto: Lise Åserud / NTB
I stortingsmeldinga En mer praktisk skole – Bedre læring motivasjon og trivsel på 5.–10. trinn kjem regjeringa med oppløftande framlegg: Skulen skal verta meir praktisk, variert og relevant.
Målet er at praktisk læring skal kunna gå føre seg i alle fag. Det er ei fin oppfølging av forbodet mot mobil i skulen og kravet om mindre digital undervising som kom i vinter. Desse tiltaka trengst. Private samtalar med lærarar gjev innsikt i ein skule som verkeleg slit med meir disiplinproblem enn det som kjem fram i offisielle rapportar. Difor treng vi ein skule som kan motivera fleire.
Men satsing på praksis i skulen har vorte lova fleire gonger før, som i stortingsmeldinga om ungdomstrinnet som Stoltenberg II-regjeringa la fram i 2010. Det same gjorde Kunnskapsdepartementet i 2019. Så her ventar vi med jubelen til vi ser konkrete resultat.
Denne stortingsmeldinga kan òg fort enda i mykje prat og lite substans.
Skal satsing ha noko for seg, må det gjerast skikkeleg om det ikkje berre skal enda med symboltiltak. Då held det ikkje med nokre lakmuspapir for å finna pH-verdien i ei eller anna væske i eit vassglas.
Som regjeringa sjølv skriv, må ein oppgradera spesialrom, få til nye uteareal, byggja verkstader, skaffa maskinar, verktøy og nytt utstyr til sløyd- og realfagsromma. Då krevst det ein skulestatsråd som går heilhjarta inn for dette og gjer det til sitt store prosjekt.
Slik Viktor Normann gjorde som arbeids- og organisasjonsminister i Bondevik-regjeringa tidleg på 2000-talet. Han fekk flytta fleire statlege verksemder ut av Oslo. Det var den saka som gjaldt for han. Då han etter tre år hadde flytta sju etatar ut av Oslo, gjekk han av. Oppdraget hans var utført.
Litt slik må skulestatsråd Kari Nessa Nortun òg handla. Ho må tenkja at det er no eller aldri, og krevja full oppslutnad i regjeringa – elles fislar det ut i ingenting endå ein gong.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trygve Seim og Frode Haltli har samarbeidd musikalsk i 20 år.
Foto: Hubert P. Klotzeck / ECM Records
Praten flyt lett
Samtalen mellom Seim og Haltli er eksistensielt viktig.
Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.
Foto: Chess.com
Skandaleduellen
«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»
Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Flytterett eller vetorett?
Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.
Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).
Klår kulokk
Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.
Gulrotsuppe med eit dryss graslauk og olivenolje.
Foto: Dagfinn Nordbø
Suppehimmelen
«Eg skjønar meg ikkje på kakebakst, for oppskriftene er så biskopstrenge, dei har lite slingringsmon for kreative påhitt.»