Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

7806
20250117
7806
20250117

BEREDSKAP

eva@dagogtid.no

Kvar skal ein søkje tilflukt om flyalarmen skulle gå der ein bur? Det spørsmålet stilte eg meg då Putin invaderte Ukraina i 2022 og jodtablettane forsvann frå apoteka i løpet av nokre dagar. Eg kjende ikkje til private tilfluktsrom i området der eg bur i Oslo, men på nettsidene til Sivilforsvaret ligg det kart som syner dei offentlege tilfluktsromma rundt om i landet. Frå det noterte eg meg tre adresser.

Den næraste var til ein offentleg bygning eg ikkje hadde lagt merke til før, nær ein kilometer unna heimen. Den skulle ifølgje kartet ha tilfluktsrom med plass til 520 personar. Dei to andre var til to T-banestasjonar som begge låg lenger unna, og som hadde plass til nokre få tusen personar kvar. Truleg ikkje fleire enn dei som går av og på på dei to stasjonane i løpet av ein liten time. Eg resonnerte meg fort fram til at eg måtte vere både rask og svært heldig om eg skulle få ly på nokon av stadene ved fare.

Men no, tre år seinare, har regjeringa føreslege å auke tilfluktsromkapasiteten over heile landet. Det stadfesta statsminister Jonas Gahr Støre og justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl då dei førre veke la fram Meld. St. 9 (2024–2025) Totalberedskapsmeldingen: Forberedt på krise og krig frå regjeringa.

27 år utan bygging

Skulle det oppstå krig, er ei av hovudoppgåvene til styresmaktene å evakuere befolkninga til trygge opphaldsstader. Og krig på norsk jord er ikkje lenger utenkjeleg. Det er tvert om noko vi må vere budde på kan skje, ifølgje Støre og Mehl. Spørsmålet er om det regjeringa har lagt fram, førebur oss på å kunne evakuere.

Krig på norsk jord er ikkje lenger utenkjeleg, var bodskapen frå statsminister Jonas Gahr Støre og justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl då dei la fram totalberedskapsmeldinga i førre veke.

Foto: Rodrigo Freitas / NTB

Det konkrete forslaget frå regjeringa er at Stortinget skal oppheve eit vedtak frå 1998, som har gjeve fritak frå plikta til å byggje tilfluktsrom i nye bygg. Gjer Stortinget det, skal det framover byggjast private tilfluktsrom i nye bygg på over 1000 kvadratmeter og offentlege tilfluktsrom til 20 prosent av innbyggjartalet i kommunane.

Men i utgangspunktet er det såpass dårleg stilt med tilfluktsrom i Noreg at det vil ta lang tid å ta att etterslepet. For sidan vedtaket om fritak vart gjort i 1998, er det ikkje bygd nye tilfluktsrom i det heile, går det fram av totalberedskapsmeldinga. På same tid har folketalet i landet auka med om lag ein fjerdedel, og det er bygd nye store skular og sjukehus, hotell og kulturhus. Ja, i ein by som Oslo det endåtil bygd nye bydelar og nytt regjeringskvartal utan krav om tilfluktsrom.

Ifølgje Mona Brygard, som er seksjonssjef i Sivilforsvaret, er det i tillegg tilfluktsrom som er avvikla i same periode. Kapasiteten har altså gått ned også i faktiske tal.

Den eine T-banestasjonen eg sikta meg inn mot i 2022, finst til dømes ikkje lenger på Sivilforsvarets kart over tilfluktsrom.

Langt bak naboland

På landsbasis er det i dag litt under 20.000 tilfluktsrom. Rundt 19.000 av dei, med til saman 2,2 millionar tilfluktsromplassar, er private, det vil seie at dei er til for dei som normalt oppheld seg på eigedomen eller i bygningen der tilfluktsrommet er. Dei 600 offentlege tilfluktsromma rundt om i landet har på si side berre plass til 300.000 personar alt i alt. Samla gjev dette ein såkalla dekningsgrad på om lag 45 prosent av befolkninga i dag, medan det tilsvarande talet var 60 prosent i 1998, ifølgje Brygard.

Ei jamføring med nabolanda våre slår endå dårlegare ut, for Finland har ei dekningsgrad av tilfluktsrom på 90 prosent, Danmark har 80 prosent, og i Sverige ligg talet på 70 prosent.

Nær halvparten av kommunane i Noreg har heller ikkje før 1998 hatt plikt til å byggje tilfluktsrom, for plikta gjeld i tettbygde strøk og der risikoen for å verte utsett for krigshandlingar har vorte vurdert som høgast. Etter gjeldande forskrift frå 1995 omfattar det i alt 171 kommunar, ifølgje Sivilforsvaret.

Seniorrådgjevar Camilla Fosse i Justis- og beredskapsdepartementet seier det skal gjerast nye vurderingar av kvar det kjem til å verte krav om å byggje tilfluktsrom framover, men at det nok ikkje kjem til å vere naudsynt med tilfluktsrom alle stader framover heller.

– Men dekningsgraden skal verte høgare enn dagens 45 prosent, seier ho.

– Korleis handterer vi at vi per no har dekning til berre halvparten av befolkninga?

Bjørn Tallak Bakken, fyrsteamanuensis ved Universitetet i Innlandet

– Tilstanden varierer

Ein annan konsekvens av byggjefritaket frå 1998 er at sjølv dei nyaste tilfluktsromma i Noreg byrjar å verte nokre år.

Eva Sjøholt-Sandvik, som er sjef for Oslo og Akershus sivilforsvarsdistrikt, seier det er skilnad i standard og verneevne mellom tilfluktsromma, alt etter når dei er bygde.

– Dei som vart bygde etter andre verdskrigen, har annan standard enn dei som er bygde etter nyare forskrifter. Den gong var det andre krav til vern mot gassar og radioaktiv forureining, seier ho.

Det er heller ikkje alle eksisterande tilfluktsrom som i dag er i den tilstanden dei bør vere i, legg ho til.

For sjølv om eigarane av tilfluktsrom etter regelverket har plikt til å halde romma ved like i samsvar med forskriftene dei er bygde etter, og syte for at dei kan vere klare til bruk på 72 timars varsel, er det ikkje alle som har etterlevd det. Sivilforsvaret, som fører tilsyn med tilfluktsromma, har konkludert med at «tilstanden på dagens tilfluktsrom er varierende».

Ifølgje Brygard er dei best vedlikehaldne tilfluktsromma ofte dei som også har ein funksjon i fredstid, til dømes som idrettshall, lagerrom eller anna.

Seks timars vern

Eit av dei rundt 600 offentlege tilfluktsromma i dag ligg på St. Hanshaugen i Oslo. Frå inngangen på gateplan går det ein 70 meter lang tunnel inn under bakken før ein møter inngangsdøra til tilfluktsrommet. Det liknar mest på tunnelar, det som ligg innanfor også. Tidlegare har det vore parkeringsplass for bilar her inne, og inntil for eit halvår sidan var det også parkeringsplass for bysyklar. No er dei større romma under bakken derimot tomme.

Sivilforsvarsadjutant Rune Larsen, som syner meg rundt, seier det er gjort store utbetringar i fleire av tilfluktsromma i landet i seinare tid. Anlegget på St. Hanshaugen vart oppgradert på 1990-talet og vernar no mot hendingar knytte til kjemiske, biologiske, radioaktive, nukleære og eksplosive stoff. På eit teknisk rom står aggregatet som kan forsyne anlegget med straum, og behaldarar med ABC-filter, som kan filtrere radioaktivt støv og gassar. På veggen heng utstyrslister og klargjeringsinstruks. I eit anna rom er det toalett og vaskefasilitetar. Ved ein faresituasjon skal anlegget kunne gje vern for 1130 personar i minimum seks timar, ifølgje instruksen.

– Må tenkje annleis

Bjørn Tallak Bakken er fyrsteamanuensis i beredskap, krisehandtering og samfunnstryggleik ved Universitetet i Innlandet. Han meiner nybygginga regjeringa no har føreslege, er eit steg i rett retning, men at det også må tenkjast annleis om dei som alt eksisterer: Regelen om at eit tilfluktsrom skal ha forsyningar og utstyr til å kunne gje vern i seks timar, bør utvidast, og klargjeringstida på 72 timar bør strammast monaleg inn, ifølgje han.

– Når vi no har tenkt byggje opp tilfluktsrom igjen, er det fordi krigen står på dørstokken. Då meiner eg at dei som har ansvar for å klargjere romma, bør tenkje gjennom korleis dei gjer det raskast mogleg. I tillegg må det lagast planar for korleis evakueringar til tilfluktsrom skal gjennomførast, og det må det også øvast på. Å få med befolkninga på å finne tilfluktsrom og vite korleis ein skal innrette seg, har vi ikkje øvd på på 30–40 år, og det går ikkje å vente noka velordna rørsle mot eit tilfluktsrom i ein krigssituasjon. Og korleis handterer vi at vi per no har dekning til berre halvparten av befolkninga, spør han.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis