Ord om språk
Spyttebakk til spottpris
Teikning: May Linn Clement
Her
skal me ikkje dela ut slag og spytteklyser eller hengja ut nokon til spott og
spe. Me skal heller ikkje levera spyttprøve eller saumfara bukspyttkjertlar og
trollkjerringspytt (‘skumliknande sekret som visse larver av sikadar sit i; blaut,
mjuk sopp eller alge’, òg kalla trollkattspy, sidan ein etter folketrua meinte
at det var spytt eller spy frå ein trollkatt).
So kva skal me? Ikkje det spøtt! Jau då, tanken er å snu
og venda på spytta heilt til det ser ut som ordet er togge og
utattspytta.
Det er gjerne spytta me grip til når me talar om å
senda væte or munnen. I munnhola har me kjertlar som skil ut ei fargelaus, seig
væske. Ho har namn som råke (når ho er inni munnen) og slev eller
sleve (når ho er utanfor munnen) i tillegg til spytt. Me kan
visseleg spytta noko anna enn reint spytt, men då plar me presisera det
(«spytta blod», «spytta brunt», «spytta plommesteinar»).
Mykje tyder på at spytta heng i hop med spy.
I norrønt heitte det spyta med lang y. Den forma har klora seg
fast her og der i Telemark. Formene sputta og sputt lever i
talemåla og var vanlege i nynorsk før. Spøtt er dialektuttale for spytt.
Spyttet er lite i den store samanhengen («eit spytt i havet»), og det er ikkje
rart at spytt har fått same lagnaden som døyt, grann, plukk
og so bortetter.
Når me seier «spytt ut!» åt nokon, vil me at dei skal tala
fritt, seia det dei har sete inne med. Kan henda spyttar dei ut orda eller spyttar
på oss. Det er utriveleg å koma i kontakt med andre sitt spytt, og me skal vera
glade for at det ikkje lenger er vanleg å spytta (skråtobakk) på golvet eller i
spyttebakkar. Spyttslikking er ufyseleg.
Om ein spyttar i nevane i bokstavleg meining (for å få
betre tak e.l.), lyt ein hugsa handvask etterpå. Spytting kan òg ha med overtru
å gjera, som det å spytta på kroken eller agnet for fiskelukke. Ikkje minst kan
spytting vera teikn på vanvyrdnad («verta spytta etter», «ikkje spytta i
glaset»). Spytteljoden tvi kan soleis målbera uhug («tvi vøre») og lukkynsking
(«tvi tvi»).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.