Frå matfatet
Stølsdrift
I desse tider må sjølv dei minste oppgangane feirast.
I fjor vart det fleire slike: geiter på veg til stølsmjølking.
Foto: Siri Helle
Det er ikkje mange sigrar å spore for norsk matproduksjon for tida. Lat oss likevel, som ei lita oppmuntring etter elendet som forlét næringskomiteen på Stortinget førre veke, ta tak i ein bitte liten opptur som dukka opp same veke: I 2023 var det fem fleire stølar i drift i Noreg enn det var i 2022. Hurra!
Ifylgje tal organisasjonen Norsk Seterkultur har henta ut frå Landbruksdirektoratet, var det i 2023 750 aktive stølar i Noreg, mot 745 i 2022. Talet i seg sjølv er ingenting å rope hurra for – snarare tvert om. Vi treng ikkje gå lenger attende enn 2019 for å finne 822 aktive stølar i Noreg. Om vi ser lenger attende, var det kring 1850 531 setrer i drift berre i Vestfold fylke.
Landbruket såg sjølvsagt heilt annleis ut på dei tider – ikkje minst var teknologien på eit heilt anna nivå. Vi har utvikla oss, seier vi, vi har effektivisert og modernisert – og med det meiner vi implisitt at vi har forlate stølskulturen.
Måtte det verte slik? Sjølvsagt måtte det ikkje det. Og tala frå 2022 til 2023 syner at vi framleis kan snu: Det er mogleg å ikkje berre legge ned, men òg starte opp stølsdrift i Noreg i 2024. Men vi må vilje det – og vi må invitere teknologien med på laget.
Stølsteknologi
Det neste tiåret kjem hundrevis av norske kufjøs til å måtte byggast om for å møte lausdriftskravet. Brorparten av dei (som ikkje vert lagde ned) kjem til å gå over frå manuell mjølking til robotmjølking. Og det kan i seg sjølv verte ein katastrofe for stølsnæringa – for når ein investerer så tungt på heimgarden, vert det endå tyngre å halde ved like eit ekstra mekaniseringsopplegg på stølen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.