Ord om språk
Til å verta kvalm av
Kvalme og oppkast er utrivelege saker. Ofte er det virus som står bak, men virusa er ikkje åleine om å laga kvalm. Me kan vemjast av matvarer («ein kvalm drikk») og bilkøyring på svingete vegar, særleg i kombinasjon med tett og vond luft («kvalm røyklukt»). Nokre skryter so fælt av seg sjølve at det er kvalmande å høyra på, og mange gravide slit med morgonkvalme. Me kan verta kvalme berre av tanken på noko.
Det er vanleg å leggja ulikt innhald i dei to hankjønnsorda kvalm og kvalme. Til dømes: Virus lagar kvalm gjennom å laga kvalme. Det siste ordet nyttar me gjerne om det å kjenna seg uvel, medan det fyrstnemnde viser til bråk og uro («laga kvalm», «kvalm i gata»). I utgangspunktet er kvalm og kvalme ulike former av same ordet. Adjektivet kvalm er avleitt av substantivet kvalm.
Kvalm-orda har lågtyske røter. Me finn dei ikkje i norrønt, og dei er ikkje med i Aasen si Norsk Ordbog. Det er råd å greia seg utan: I staden for adjektivet kvalm kan me til dømes nytta elgen (jf. elgja ‘verta kvalm; gjera kvalm’), rusken, vemlen (jf. vemjeleg, vammel og norr. váma ‘kvalme’) eller samansetjingar som bilsjuk, sjøsjuk, spysjuk, spyfull, spyvoren og spyøren.
Å stilla kvalmen (jf. «kvalmestillande medisinar») er nok lettare enn få det godt innarbeidde ordet kvalm til å teia still. Rekk ein ikkje å kvela ordet i fødselen, er laupet køyrt. No tok me ein kvalfull omveg fram til eit etymologisk poeng: Det kan sjå ut til at kvalm-orda heng i hop med kvela (eldre kvelja) og kval (‘liding, pine’).
Kvela hadde i norrønt tydinga ‘pina, plaga’. Svensk kvälja tyder ‘plaga, gjera uroleg, gjera kvalm’. I dansk voks ei anna tyding fram, kan henda påverka av verb som kverka og kvæva: ‘drepa gjennom å stogga lufttilførsla’. Ho har funne vegen inn i norsk. Kvela vert no helst nytta om å kjøva eller sløkkja, jamfør kvelarslange, kvelartak, «kvela motoren», «kvela ein geisp» og «kvela elden».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.