Frå matfatet

Torsk

Det går nedover for lofottorsken. Heldigvis har nokon ein plan.
 

Rein luksus: Dette kostar for tida. Lat oss håpe torsken tener best på det til slutt.
Publisert Sist oppdatert

Har du fått smakt på skreien i år? Midt i mars månad bør det vere på tide, men i år har verken butikkar eller restaurantar akkurat fløymt over av gytemoden torsk frå Barentshavet. Tørrfiskøya Røst melder at skreifisket så langt i år har vore minimalt, fiskebutikkar i Bodø fortel om «krig om råstoffene», og prisane er så høge at dei gjer torsk, skrei og andre villfiskprodukt til luksusmat.

Det er mindre torsk i butikkane fordi det vert fiska mindre torsk: Kvotane er 25 prosent lågare enn i 2024, og då var dei igjen 20 prosent lågare enn i 2023. Dei har vorte reduserte kvart år sidan 2021, men er også historisk små: Det har ikkje vore planlagt lågare torskefangst i Barentshavet sidan 1991. Torskekvoten er meir enn halvert sidan 2014.

Og kvifor vert kvotane sette lågare og lågare? Jau, fordi det er mindre og mindre fisk i havet. Faktisk er torskekvoten i år høgare enn det Havforskingsinstituttet tilrådde: Dei ville ha 31 prosent lågare kvotar for 2025 enn for 2024.

Under føre var-nivået

I utgangspunktet er det ikkje lov å kutte kvotane så mykje frå eitt år til eit anna. For å sikre stabilitet i næringa kan kvotane endrast med maksimalt 20 prosent kvart år. Unntaket er når gytebestanden er venta å falle under det som vert definert som eit føre var-nivå – altså den mengda gyteklar fisk ein ser det som naudsynt å ha for å vere trygg på at bestanden skal klare å ta vare på seg sjølv.

For den nordaustarktiske torsken, som vi på denne tida av året kallar skrei, er denne grensa på 460.000 tonn. I løpet av 2025 var det – med ein kvotereduksjon på 31 prosent – spådd at gytebestanden ville ende på 450.572 tonn.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement