Frå matfatet

Trøffel

Di sjeldnare noko er, di lettare er det å verte lurt.

Denne trøffelkorga kostar deg dyrt, men ho er i det minste ekte.
Denne trøffelkorga kostar deg dyrt, men ho er i det minste ekte.
Publisert

Kva er god landbruksjord? Som det meste elles i samfunnet vårt måler vi jorda på kor godt ho produserer: Ei jord som gjev to tonn potet per mål, er betre enn ei jord som gjev eitt tonn potet. Det seier seg nesten sjølv.

Men med slik måling vil fulldyrka åkerjord alltid kome betre ut enn jorda i skogen eller jorda som ligg under fjellbeitet. Likevel kan slik jord vere vel så verdfull. Tenk berre på dei italienske trøffelskogane.

Italienarar har mange kjælenamn på trøflar. Mellom anna «fe-eple» og «diamanten på kjøkenet» – eller «perla av det fattige land». Få – om nokon – uforedla råvarer kan skilte med så høge kiloprisar som kvit vintertrøffel og svart sommartrøffel. Ifylgje nettstaden Tartufo.com (tartufo er italiensk for trøffel) ligg kiloprisen for svart sommartrøffel no på gjennomsnittleg 475 euro – eller 4720 kroner – per kilo.

Luktar fotsveitte

Likevel er ikkje trøffel meir eksklusivt enn at vi kan kjøpe det i mange norske daglegvarebutikkar. Eller vi kan kjøpe produkt med trøffel. Diverre er ikkje dei to tinga heilt det same.

Kanskje den vanlegaste forma for trøffelforedling er å infisere ein olje, gjerne ein olivenolje, gjerne av god kvalitet – ein extra virgin med mykje olivensmak. Då må ein ha godt med trøffel som gjev godt med smak og lukt for å slå gjennom aromaen av olivenane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement