Ord om språk

Tung på gassen

Publisert

Gassar kan gjeva oss mykje godt, til dømes ljos og varme. Mange har laga seg mat på gassgrill, gasskomfyr eller andre gassapparat, reist med buss som går på biogass eller fått lindra smertene sine med lystgass. Gassane har òg vore nytta på vondskapsfullt og døyeleg vis, noko ord som gasskammer minner oss om. Lat oss likevel bora i dei språklege gassfelta.

Gassane er gamle, men nemninga gass er heller ny. Me kan endåtil peika ut ein opphavsperson: den flamske lækjaren og kjemikaren Jan Baptista van Helmont (d. 1644). Me veit ikkje presist korleis ordsmidinga gjekk til, men han har truleg teke utgangspunkt i gresk khaos i tydinga ‘det tomme rommet, det formlause emnet som verda vart skapt av’. Khaos er same ordet som latin chaos og vårt kaos.

Tydinga til gass (nederlandsk gas) har endra seg etter kvart som kunnskapen om og bruken av gassane har endra seg. Helmont oppfatta gass som ei form for vatn. Den moderne tydinga ‘emne som har luftform ved normal temperatur og normalt trykk’ skal vera frå slutten av 1700-talet. Like etter kom tydinga ‘brenneleg luftformig emne’. Kunstordet til Helmont greier seg imponerande godt. Det er gass-førekomstar både her og der.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement