Frå matfatet

Turmat

Eit kjent namn på natur-TV treng ikkje bety at ein er god på frysekjøkkenet.

Tru det eller ei, men av og til er ikkje matlaginga det viktigaste – som her, på tur på Svalbard.
Tru det eller ei, men av og til er ikkje matlaginga det viktigaste – som her, på tur på Svalbard.
Publisert

For å slå det fast med ein gong: Turmat er eigentleg ikkje noko anna enn mat. Alt du kan lage heime på kjøkkenet ditt, kan du òg lage ute i naturen – berre du legg til rette for det. Nokre rettar er meir eigna enn andre. Det er til dømes enklare å bake poteter i glørne enn å lage fløytegratinerte poteter på bål, men sjølv pommes frites, pizza og ferskt brød er fullt mogleg å få til om ein førebur seg godt og er viljug til å bere med seg nokre rekvisittar.

For det finst turar der det ikkje er noko problem å ha med seg steikepanne, kasseroller og diverse kaffiremedium. Men det er ikkje dei turane vi skal ta for oss i dag. For av og til, når du er på tur, vil du tenke minst mogleg på å ete. Då er det heilt greitt å ty til frysetørka turmat i vakuumerte porsjonspakningar.

Tørrmat

Frysetørka mat kan endåtil smake heilt ok. Og kvifor skulle det ikkje smake heilt ok, eigentleg? Frysetørka mat er jo til sjuande og sist ikkje noko anna enn det Toro serverer oss kvar dag, om vi lèt dei selje oss suppeposar. Å frysetørke vil seie å fryse mat, for så å fjerne isen – altså den delen av råvara som er vatn. Ved å fjerne vatn held maten seg lenger og veg mindre.

Den tørka pastaen i turmaten er tørka pasta som den du kjøper i butikken, berre med kortare koketid. Havregraut og potetstappe i turmatposar er akkurat det same som havregraut og potetstappe frå Axa, Mills eller Hoff.

Med andre ord er det berre éin grunn til å betale 69 kroner for ein pakke potetmos frå Lars Monsens nye turmatkolleksjon i staden for å betale 16 kroner for ein pose potetmos hjå Spar: Dersom du ikkje har noko å blande potetmosen i. For der dei fleste turmattolepakningar – dei til Lars Monsen inkludert – toler kokande vatn, gjer dei fleste butikkplastpakningane ikkje det. Men dersom du har med deg noko til å koke vatn i, er jo sjansen stor for at du også har noko å blande – og ete – potetmos i. Her kan vi altså spare ein heil femtilapp berre på potetmosen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement