Ord om språk

Varast i garden

Publisert

Nokre ordtak står stødugare enn andre, og «betre føre var enn etter snar» er mellom dei som står fjellstøtt. Det er i klasse med «like born leikar best» og «gamal vane er vond å venda». Å seia at det er ei var stemning i desse ordtaka, er å ta i for hardt, men sameininga av visdom og velklang kan nok røra dei mest kjenslevare av oss.

Det skal godt gjerast å ikkje verta var at adjektivet var er emnet denne veka. Var (norr. varr) er ein gamal slitar som ikkje er nemnande var for kritikk. Og me har vel heller ingen grunn til å kritisera ordet og åtvara folk mot å nytta det? Me lyt berre hugsa å ha med eit førefeste når me nyttar ordet i tysk (gewahr) og engelsk (aware, jf. òg wary, beware).

Med var kan me målbera at noko(n) lett merkar noko («vare augo»), er omsynsfull («med vare hender»), skvetten og redd («ein var fugl»), kjenslefylt («ein var og fin romanse») eller toler lite («vera var for frost»). Det er fullt mogleg å uforvarande (el. uvarande, uforvars, uforvart) nytta ord som heng i hop med var, for denne ætta er stor, og det er ikkje alle sambanda som ligg opp i dagen.

Me skjønar at det er skyldskap mellom var, verbet vara («vara seg», «vara åt el. åtvara nokon») og hankjønnsordet vare («ta seg i vare», «i vanvare», «sitja i varetekt»). Kva med hokjønnsordet vare («varer og tenester»)? Det er meir uvisst. Men varde, varsel og varsla heng saman med var. Etter alt å døma gjer alvor det òg (jf. svensk allvar). Grunntydinga var truleg ‘heilt var(sam), aktsam’.

Ein av dei store styrkane til var og avleiinga varleg er at det er lett å finna ord som rimar på dei. Var og snar har me alt vore innom, og bjørnen er ikkje farleg berre ein går varleg. Eit ordtak seier at «ein skal lasta varleg og lova sparleg». So har me denne oppmodinga: «Ta lukka varleg, ho vender seg snarleg.» Ja, det gjer ho, som regel utan å senda ut førevarsel.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement