Guantanameros for alltid
«Dokumentert bruk av tortur har gjeve aktorane dårlege og forsvararane tilsvarande gode kort på hand.»
Gringo på vakt i fangeleiren Guantánamo på Cuba, i bukta som blei annektert av USA i 1903. Der blir han verande – så lenge det er liv i fangane han voktar.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
I 1903 annekterte USA ein snipp av den tidlegare kolonien Cuba til bruk som marinebase, «Gitmo», Guantánamo Bay. Sidan 11. september 2001 også illgjeten som fangeleir og tortursenter i krigen som president Bush starta mot terror. Og sidan mykje gløymd, diverre.
I Guantánamo-leiren har USA halde til saman kring 780 «ulovlege stridande» i limbo mellom normal militær og sivil justis, på sida, så å seie, av rettsstaten USA. På 23 år har USA berre lukkast med å få åtte – 8! – av desse fangane dømde. Dokumentert bruk av tortur har gjeve aktorane dårlege og forsvararane tilsvarande gode kort på hand. «Den dyraste og mest vidløftige oppvisninga i sadomasochisme i rettssoga», skriv The Atlantic.
President Obama lova som kjent å stengja denne illegitime institusjonen, men skuffa også der. Visepresidenten hans, Joe Biden, kunne likevel som president ha teke æra for det Obama aldri fekk til, då dei tre mest prominente fangane nett sa seg villige til å vedgå brotsverka dei er skulda for, i byte mot livsvarig fengsel, for å sleppa dødsstraff. Med ein slik avtale kunne Guantánamo-kommisjonen pakka saman og fangeleiren endeleg avviklast. Guantánamo-kommisjonen sjølv ønskte det.
Men forsvarsminister Lloyd Austin slo denne veka i bordet og la ned veto mot heile avtalen. Pressa av etterlatne frå 11. september, er det rimeleg å tru – dei tre bakmennene til 11. september-åtaka er skulda for å ha teke snautt 3000 liv i USA på ein einaste dag, og i USA avrettar dei folk for mindre. Dermed får rettsfarsen halda fram, og fram, til dei sikta døyr av naturlege årsaker.
I mellomtida er kvar dag som går, ei straff i seg sjølv, men fyrst og fremst ei straff for USA som må driva på med å senda flylast på flylast med domarar og advokatar, vitne og ekspertar att og fram over den stolne Guantánamo-bukta til absolutt inga nytte. Og med det minna oss andre på at vår allierte USA korkje er eller blir noka humanitær stormakt same kven som der er president.
Johan Brox
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?