Samlaren
Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.
Teikning: May Linn Clement
Einar Økland
Fødd 17. januar 1940 i Sveio
Forfattar av bøker i mange sjangrar
Var ein sentral medlem av Profil-krinsen i 1960-åra
Etablerte Norsk Forfattersentrum i 1968 saman med fleire andre forfattarar
Har fått mykje heider og mange prisar
Kjelde: Store norske leksikon

Litteratur
jan.h.landro@gmail.com
På heimegarden i Valevåg har Einar Økland over 450 hyllemeter med folkelege kulturformer. Dei dekkjer utviklinga av skrift- og biletkulturen gjennom fleire hundreår, med særleg vekt på masseprodusert illustrasjonskunst i det Økland kallar «Papirets tidsalder: 1850–1960» – frå bruksgrafikk og hundrevis av scrap books via avisframsider til tidsskrift, brettspel, samlemerke, blekkboksar med trykt dekor, ymse utklippsalbum og uendeleg mykje meir, gjerne slikt ein knapt har høyrt om, som fyrstikkplater, visittportrettkort og Håndbok for feltprester. Om sistnemnde har Økland sagt: «Dei vil kasta meg i helheimen med handemakt når eg siterer frå denne.»
Objekta har han kjøpt, fått eller bytt til seg. I tillegg har han skrive og redigert 104 bøker, går det fram av intervjuboka Økland. Einar Øklands livsverk i samling, som Ottar Grepstad og Sverre Tusvik har redigert for Fonna Forlag, og som blei lansert for nokre veker sidan. Der finn vi svar på spørsmål vi kanskje aldri har tenkt på å stilla, og boka gir eit overblikk som aldri før har funnest over forfattarskapen og samlargjerninga. Medintervjuarar var Agnes Ravatn og Jorunn Veiteberg.
– Dersom du skulle summera deg sjølv opp i eitt ord, kva kunne det vera?
– Kolon.
– ???
– Kolon har noko på begge sider, men er heilt ope både for innspel og utspel. Men dette er ei artikulering som kjem i ettertid. Ein veit ikkje kva ein tek inn, eller kva ein slepper ut, før etterpå. Eit alternativt svar kunne vore «punktum». Eit punkt har inga utstrekning og kan vera både byrjing og slutt.
– Korleis er du skrudd saman?
– Det tok lang tid før eg stilte meg sjølv det spørsmålet. Der har nok vore andre krefter og fingra med samanskruinga før eg blei spurd. Om dette er noko eg føler meg bunden av eller fri til å la vera, kan ein jo lura på. Eg har ikkje hatt oversikt over fortida eller framtida, men likevel vore i notida og måtta handtera både tilførsler og manglar.
Han har ikkje lidd av det, legg han til.
– Eg har gjort visse erfaringar og visse oppdagingar og stort sett hatt fred med meg sjølv. Det er nesten berre psykopatar som har det slik. For det meste har eg prøvd å bli fri andre band enn dei eg legg på meg sjølv, og det er også psykopatens tilstand. Men kanskje har eg valt nokre føringar som psykopatane òg burde valt. Eg vil gjerne ha fred med omgivnadene, og det har eg fått, så mykje som eg har vore åleine. Å vera åleine er noko eg har oppsøkt og hatt stort utbyte av. Eg har ikkje sørgt over manglande merksemd.
Å vera åleine
Einar Økland blir ofte utlagd som samlar, noko han opplever som eit skjellsord. Det er lett å oppfatta samlaren som ein gjerrigknark eller ein som skal samla seg skattar på jord, meiner han. Men inst inne er det jo samlar han er, ein som rett nok ikkje er ute etter komplette samlingar, men eksempelsamlingar – nok på kvart område til at han kan forska på det, skaffa seg kunnskap han ikkje hadde før. Gjerne også innsikt han i neste omgang kan dela med ålmenta.
– Eg har ikkje vore ute etter raritetar, men dokumentasjonar. I mitt indre er det så å seia ein standard sjølvinstruksjon for dei aller fleste som har ei vitskapleg haldning til eit felt: å samla fakta, sortera dei og kritisk inspisera dei. Objekta eg interesserer meg for, har eg for å samanlikna og vurdera og dra konklusjonar ut av dette. Rett nok har eg ikkje publisert så mykje vitskapleg om det, men eg har ei vitskapleg haldning til visse felt som interesserer meg, og som eg trur kan gi meg ny kunnskap, til dømes papirsaker som andre berre kastar, som emballasje og etikettar, eller ting som berre born samlar på, til dømes glansbilete og minnebøker.
– Er det her vi finn den viktigaste drivkrafta bak 70–80 år med innsamling?
– Det starta som barn, og då var det meir uttrykk for oppdagarglede og eit stort behov for å vera åleine. Eg samla lokale ord og uttrykk, og eg samla egg frå norske fuglar i vår del av landet før eg gjekk ut av grunnskulen. Eg var mykje ute i naturen og søkte opp stader der fuglane hekka. Best treivst eg åleine, og som einebarn i ei bygd der det var langt mellom folk, fall det naturleg. Eg byrja streifa og oppdaga ting utanfor meg sjølv, men også om meg sjølv. Heile tida vil eg prøva å forstå, prøva å sjå heilskapen, dels også visa eit levd liv.
Å vera åleine og snakka med seg sjølv, finna ut kven ein er, har vore viktig, seier han.
– Likeins med skrivinga. Gjennom skjønnlitteraturen har eg kunna spionera på dei delane av meg sjølv som ligg utanfor meg, til dømes artikuleringar, idear og tankar. Slike opplevingar trur eg mange forfattarar har hatt. Det eg ber med meg heile tida, er eg lite interessert i. Eg vil heller høyra noko som er nytt for meg. Eg har ikkje prøvd å dokumentera meg sjølv, men det er eit slags samleri, det òg.
Tapetmuseum
– Du er stadig på leiting. Kva gjer du når du innser at det du leiter etter, ikkje finst?
– Eg kan ha ei aning om mykje andre skal ha sagt eller gjort før, men oppdagar ofte at ingen har gjort det. Reint kulturhistorisk ser eg kva dei har tenkt og gjort i andre nasjonar, då skjønar eg at Noreg har ei kulturell forseinking med omsyn til å observera kva vi har utvikla på ulike felt. Især gjeld det alt vi ikkje har gjort etter at papiret blei så vanleg i form av maskinpapir. Dette har betydd ein transport av ord og bilete, tankar og idear. Det må vel snart vera tid for at vi til dømes får eit nasjonalt tapetmuseum. At Noreg ligg så langt etter på mange område, opptek meg. I Manchester har dei eit Gallery of Greetings, der dei held svære utstillingar. Noreg har ikkje noko slikt. På mange felt ser vi at private har samla og teke vare på mykje meir enn det offentlege.
– I siste instans handlar vel også dette om danning. Kva legg du i omgrepet «den låge danninga», som du stundom nyttar?
– At du tilpassar deg skikk og bruk der du bur, og at du prøver å finna ut noko om staden du bur på, og kvifor du sjølv er blitt som du er blitt. Og så gjeld det å skjøna at ikkje alt som blir sagt, er alvorleg meint, og omvendt: at noko som blir sagt i spøk, kan vera svært alvorleg.
– Kor viktig har denne danninga vore for deg?
– Livsviktig. Som farlaus gjekk eg nesten på legd, vandra kring i bygda og høyrde så mykje snakk og så mange tilrop frå bygdafolk, som var svært ulike, men alltid snakka med lånte ord og bilete, faste seiemåtar og mange hermer. Eg lærte mykje ved å vera i lag med vaksne folk, og eg er takksam for det og for at eg framleis hugsar så mykje av dette snakket. For mange vaksne har gløymt at dei har vore ungar.
– Er «allmugens kultur» noko heilt anna enn «den låge danninga»?
– Skilnaden er ikkje så stor. Det dreier seg om veremåtar og omgangsmåtar som er blitt automatiserte, og som ein tek for gitt at alle andre deler. Folkeskikk i vidaste forstand.
– I intervjuboka seier du at mesteparten av skrivinga di har vore å gå på oppdaging i deg sjølv. Korleis gjer du det?
– Eg går ikkje på leit, men er open for ord og uttrykk, og det hender at eg skriv ting eg ikkje veit kvar kjem frå. Ofte lurer eg på kvifor eg skriv det eg skriv, men det er ei kjensle mange skribentar har når dei er i gang. Er du heldig, skriv nokre ting fram seg sjølve. Å kjenna seg litt framandgjord for seg sjølv er ikkje berre vondt. Iblant beundrar eg meg sjølv som om eg skulle vore ein framand, tenkjer at dette kunne ikkje eg fått til.
Har naska
Spør du Einar Økland om han har ein personleg favoritt mellom alt i samlingane sine, får du nokre kremt og til svar at det vil variera frå tid til tid. Han har ting han ikkje vil bry seg med å sjå så mykje på, fordi han kan og veit nok om dei, eller fordi andre veit meir. Omvendt har han ting han meiner dei andre burde visst meir om.
– Visse ting held eg for meg sjølv, som moglege studieobjekt, sjølv om dei i seg sjølve kan vera lite tiltrekkjande. Til dømes ei samling postkort med Haraldstøtta i Haugesund som motiv og Den 17de Mai-redaktør Rasmus Steinsviks om lag 130 år gamle artikkel om kor mislukka dette minnesmerket er. Til no har eg ikkje vist dette til nokon haugesundar.
Han har ei samling norske fotografiske postkort som syner menneske bakfrå, fortel han.
– Slike finst det forbausande mange av. Men dette kan eg ikkje snakka høgt om, for då stig prisen, legg han til og minner såleis om at det finst ein marknad for samleobjekt av dei ymsaste slag.
Og for å snakka seg vekk frå dette, fortel han at han også har ei flott samling bitte små minibøker.
– Kva har du mest av?
– Mykje bøker og lause trykksaker. Så har eg kanskje 600 scrap books, dugelege postkortsamlingar og mange referansebøker frå andre land. Skrifter utgitt av nordmenn i andre verdskrigen og mange periodiske tidsskrift, som det er eit poeng å ha komplette og for hand når eg jobbar. Dessutan har eg nokre hundre bøker forfattarane har gitt ut på eige forlag, titlar som berre sporadisk er å finna på offentlege bibliotek. Mellom desse finst også fortreffelege ting, som ingen bryr seg om. Det burde finnast ein bibliografi over slike bøker, for dei er høgst registreringsverdige. Eg kunne gjerne bidra, men eg vil ikkje laga han sjølv. Då skriv eg heller uleselege dikt på nynorsk.
– Elles er det eit poeng for deg å ikkje ha komplette samlingar. Kva gjer du då når du kjem i skade for å sitja med ei komplett samling?
– Ein god del samlingar eg har, er komplette på individplan ved at startaren og eigaren har døydd frå dei. På det kulturhistoriske feltet manglar vi mykje her i landet; det finst nok av tema eg gjerne skulle visst meir om.
På dette punktet i intervjuet kjem Økland med ei vedkjenning: Han har naska frå eit offentleg bibliotek. I ei fotosamling der såg han eit bilete av seg sjølv og mor si, teke i atelieret til ein profesjonell fotograf. Det kjende han att, for det heng heime i stova hans med ei smilande mor og son. Men kant i kant med dette var eit prøvebilete frå same fotografering. Der var guten totalt sur, inneslutta, forferdeleg, og mora blinka med auga og verka heilt fjern i fjeset. Det stikk motsette av kva du ventar på stikkordet «smil!».
– For meg er dette det beste barnebiletet eg har av meg sjølv.
Stabeisen
– Dette er eit ord du sikkert ikkje liker, men kva vil du tru er det mest aparte du har i samlingane dine, anten du har kjøpt det eller samla det sjølv?
– Gudane veit. Og er det aparte nok, bør eg ikkje snakka om det. Eg kan nemna noko som ligg opp i dagen, men som ingen andre har samla på: bokmerke. Ikkje bokeigarmerket ex libris, men slike vi alle nyttar for å markera kor langt vi har lese. Somme er sjølvlaga, til bruk i salmebok og bibel, dei fleste kjem frå bokkjøp. Magebelte på sigarar er i seg sjølv nok meir aparte, likeins etiketten på trådsnella eller tomme sukkerposar. Det særaste er å finna i mine scrap books, som andre har laga og inneheld ulike former for sjølvdokumentasjon.
– Kva er ikkje verdt å samla på?
– Nokre samlar på trykksaker frå folk dei ikkje liker. Eg har visst ei samling med gravsongar, men det er ikkje noko eg sjølv ville gi meg til å samla på. Det finst mange populære ting eg absolutt ikkje vil ha i samlinga, medrekna frimerke, som eg sjølv samla på som barn. Det mange samlar på, misser eg interessa for. Men dei er minneverdige som kulturinnslag. Sosialhistorisk er ikkje dette feltet skikkeleg utgreidd enno.
– Du går i ditt 85. år. Er det noko i tenkesettet ditt som har endra seg radikalt i desse åra, eller har du vore den same stabeisen heile tida?
– Takk som spør. Eg kunne like gjerne spurt sjølv: Kva trur du og andre om dette? Mi sjølvkjensle er meir som ein drope, eller fleire, i ei drivande sky enn som i ein brannslange. Men det finst jo så mange lokaliseringar for ein drope.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?