Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HelseSamfunn

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

7828
20250117

Samtalen

Gry Lunde

generalsekretær i ADHD Norge

Aktuelt: Mange trendsettarar snakkar varmt om ADHD

marita@dagogtid.no

– Det kryr av videoar der kjendisar og influensarar greier ut om ADHD-en sin, diagnostisert eller udiagnostisert, i positive ordelag. Dei er modige, kreative og morosame. ADHD gir superkrefter. Er det in å ha ADHD?

– Eg veit ikkje om eg vil kalle det in. Det ligg mange ulike skjebnar og forteljingar bak det å oppsøke hjelp. Men ein del fordommar er borte. ADHD Norge har fått høyre at ADHD-diagnosen er den einaste diagnosen pasientane kjem til spesialisthelsetenesta og ber om. Fleire enn nokon gong blir undersøkte. Dei som ikkje får ein diagnose i det offentlege, oppsøker gjerne eit privat tilbod. Der ligg det ingen prioriteringsrettleiar, så alle slepp til. Resultatet blir blant anna at spesialisthelsetenesta for vaksne, DPS, får mindre tillit til det private når det gjeld ADHD-diagnostisering. Dette bidrar til at tilliten til sjølve diagnosen blir svekt.

– Og så legg vi vaksne beslag på tid og ressursar som burde gå til barn som strevar?

– Det er ikkje slik at den eine tar frå den andre. Barn og unge får behandling ved Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP) og vaksne ved Distriktspsykiatrisk senter (DPS). Det er eit spørsmål om kapasitet, ja, men det er fleire barn enn vaksne som blir fanga opp og prioriterte, heilt i tråd med tankegangen om tidleg innsats. BUP samarbeider med den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT) og skulen og jobbar meir tverrfagleg. Det vil vere uheldig om for mange barn med ADHD skal bli følgde opp privat, ettersom det offentlege helsetilbodet er tett samanvove med skulen. Det er ofte på skulen dei strevar mest.

Dei som har ADHD, er ikkje nødvendigvis kreative og morosame, seier Gry Lunde i ADHD Norge.

Foto: Agnete Brun

– Kanskje vaksne med ADHD kan klare seg utan ein diagnose?

– Spørsmålet er korleis dei klarer seg i arbeidslivet og på andre arenaer. Når blir ADHD ei funksjonsnedsetting? Det er det fagleg usemje om. Vi veit at risikoen for å bli arbeidsledig, ufør eller kriminell er større om ein har ADHD. Mange blir avhengige av rusmiddel eller anna. Dei blir ofte ståande aleine med problema sine.

– Men kven slit ikkje med misbruk og orden på livet til tider? Er ADHD eit i-landsproblem?

– Det er klart at i land der ein ikkje har eit system for å fange opp ADHD, er det mindre snakk om det. Det handlar om ressursar og kva behov ein alt har dekt. I Noreg er utdanningsnivået høgt. Vi innhentar kunnskap sjølv, og vi forventar mykje av helsevesenet. Folk har i tillegg blitt meir opne om psykiske plager dei siste åra, noko som jo er ei ønskt utvikling.

– Samfunnets krav om utdanning speler vel ei rolle. Psykologar og forskarar, blant andre Thom Hartmann, snakkar om at vi er genetisk disponerte for å bli enten bonde eller jeger. Ikkje alle kan halde seg i ro, altså sitte framfor skjermen.

– Viss vi har ei forventing om at alle skal klare å ta ein grad, er det mange som vil få utfordringar dei ikkje ville fått om dei gjorde noko anna. I dagens samfunn blir det òg stilt større krav når det gjeld sjølvregulering. Rammene er mindre uttalte enn tidlegare. Mange synest det er krevjande.

– Men igjen, korleis skil ein mellom ADHD og ordinær uro? Kan ein ha litt ADHD?

– I ADHD Norge er vi nøye på at enten har du diagnosen, eller så har du han ikkje. Alle kan ha symptom på ADHD. Har du mange symptom, er du kvalifisert til å få ein diagnose. Men symptomtrykket kan variere. Enkelte som får ein diagnose, ville kanskje ikkje fått han på eit anna tidspunkt i livet. Uansett veit dei som har ADHD, kva utfordringar det medfører. Vi snakkar om ei nevroforstyrring der ein kan ha problem med å ta til seg informasjon, kommunisere og fungere sosialt. Då må diagnosen vere kvalitetssikra og henge høgt.

– Kan vi stole på at folk som treng tilrettelegging og medisin, får det, mens dei som ikkje skal ha medisin, ikkje får det?

– Folk responderer ulikt på ADHD-medisin. Derfor er det viktig med tett oppfølging under utprøvinga. Mange vaksne har ikkje utbyte av medisinane. ADHD Norge ønsker fleire tilbod om ikkje-medikamentell behandling, noko alle har utbyte av. Kanskje blir det eit litt for einsidig fokus på medisin i saker om ADHD i media. Langt fleire bruker antidepressiv, og brukarane blir yngre, utan at vi høyrer så mykje om akkurat det.

– Men bruken av ADHD-medisin har dobla seg på få år. Enkelte, som fastlege Tor Kristian Gaard på Karmøy, har uttalt at det blir skrive ut for mange reseptar.

– Eg kan på sett og vis forstå argumenta hans, men eg er usikker på om det er lov å la vere å skrive ut medisin på generelt grunnlag. Har du fått ein diagnose, har du rett på behandling, slik dei som har ei somatisk liding, har rett på det. Samtidig er det bra at vi har mekanismar som fungerer som ein naturleg brems. ADHD Norge har ikkje noko ønske om at alle som vil, kan få ein diagnose. I USA, der helsesystemet er nærmast heilprivat, er det høge førekomstar av ADHD. Vi vil ikkje opp på deira nivå.

– Blir det ikkje feil at helsevesenet skal bruke tid på å justere personlegdommen til folk, når mange står i kø med alt frå isjias til depresjon?

– Det er viktig at ADHD blir avdekt tidleg, for diagnosen er som eit flugepapir for følgetilstandar og andre diagnosar. Mange vaksne får diagnosen etter å ha fått andre problem, og ADHD- og autismespekteret kan vere overlappande. ADHD er ikkje berre eit personlegdomstrekk, sjølv om det kan bli framstilt som det i sosiale medium. Det er bra vi blir kvitt stigma, men det er mange med ADHD som ikkje er morosame og kreative. Ein del slit med rus og psykiatri, og dei får for lite hjelp. Det er eit vanskeleg reknestykke, og spørsmålet er kva vi skal forvente at helsevesenet kan løyse. Vi har eit overforbruk av helsetenester i Noreg, men faktum er at vi bruker færre ressursar på psykiske plager enn på somatiske plager.

– Korleis kan diagnosen bli meir presis?

– Vi har nasjonale faglege retningslinjer i botnen, og dei er i utgangspunktet gode og bindande, men det blir som med andre diagnosar som i stor grad er baserte på sjølvrapportering: Det handlar ofte om kor godt pasientane klarer å skildre problema sine, og korleis behandlaren oppfattar dei, og det kan oppstå fagleg usemje. Det er fare for at folk som fungerer dårleg, ikkje blir fanga opp.

– Men i praksis, kva meiner du må til?

– Ei generell kompetanseheving. ADHD Norge har i mange år prøvd å nå ulike faggrupper, til dømes fastlegane, som av og til skriv for dårlege tilrådingar. Pasientar blir avviste av DPS og må tilbake og bli vurderte på nytt. Vi meiner at politikarane må på bana. Dei må sjå på overgangen mellom tenestene og kva rettar pasientar som har fått ein diagnose ved ein privat klinikk, har i det offentlege. Alle som har fått ein diagnose, same kor, bør få hjelp før dei får større utfordringar.

– Blir ADHD Norge respektert av ADHD-forskarar og -legar?

– Det er eit krevjande felt, men eg synest vi stort sett klarer å balansere. Vi samarbeider ikkje med private og kommersielle aktørar eller legemiddelindustrien, går ikkje inn i enkeltsaker og legg oss sjeldan opp i faglege vurderingar. Det har vore viktig for oss å ramme inn arbeidet vårt og sette klare grenser for kva vi skal meine noko om og ikkje.

ADHD Norge har nesten 19.000 medlemmer. Blir det mykje rør?

– Det kan det bli. Det er sjeldan stille. Samtidig er ADHD Norge ein levande organisasjon der vi kan snu oss rundt raskt. Det er interessant å jobbe med høgaktuelle problemstillingar knytte til ressursutfordringar og organisering i helsevesenet i åra som kjem.

– Kan vi slutte å snakke om ADHD snart?

– På sikt kan det hende omgrepet glir meir inn i daglegtalen, à la depresjon. Men vi er enno ikkje der at ein kan ha «litt ADHD».

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis