Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
SAMTALEN
Dag Inge
Ulstein
Fungerande leiar i KrF
AKTUELT
Kjønnsopplæring i skulen
SAMTALEN
Dag Inge
Ulstein
Fungerande leiar i KrF
AKTUELT
Kjønnsopplæring i skulen
christiane@dagogtid.no
– KrF vil endre undervisning og læreplanar i skulen slik at dei baserer seg på ei biologisk forståing av kjønn. Meiner de at barn skal få høyre at det finst to kjønn og ingenting imellom?
– Ja, det er jo utgangspunktet for at vi har sagt det. Vi ser at læreplanane og lærebøkene har vore uklare på det. Til dømes har vi sett i naturfagsboka Solaris for 3.–4. trinn frå Aschehoug, der det står: «Kjønnsidentiteten din er din egen tanke om hvem du er, og hvordan du ser på deg selv. Du kan tenke på deg selv som gutt eller jente, eller ikke vite helt. (…) Men klær, hårfrisyre, hva du leker med og hva du gjør, kan vise hvilken kjønnsidentitet du har.» Vi trur at det har ført til at fleire barn vert usikre på om dei passar inn i kjønnsrolla si. Vi ser ein enorm auke i kor mange som vil gå i gang med hormonbehandling, pubertetsblokkarar og kirurgisk behandling. Samtidig høyrer vi om negative erfaringar frå andre land knytte til slik behandling. Det er ein kunnskap vi må ta på alvor. Så til spørsmålet ditt: Om det ikkje er klart at vi i biologien har to kjønn, må i alle fall det på plass.
– I Store norske leksikon kan vi lese at det biologisk sett finst to kjønn når det er snakk om reproduksjon, men at når det er snakk om kromosom, genetikk, kjønnsorgan og hormonell utvikling, finst det fleire enn to kategoriar. Skal ikkje barn få lære om dei biologiske nyansane?
– Vi skal sjølvsagt vere opne om både kjønnsuttrykk og medisinske definisjonar. Det finst barn som vert fødde med uvanlege kromosomsamansetjingar, og det vert fødd enkelte barn der det er vanskeleg å avgjere kjønnet. Det er viktig at dei får god behandling både då og seinare i livet. Men eg har ikkje inntrykk av at det er slike tilstandar som ligg til grunn når unge ønskjer å gå i gang med behandling for å skifte kjønn. Som psykologspesialist Lisa Nordsveen nyleg skreiv: Vi må undersøkje om kjønnsinkongruens kan vere uttrykk for sosial og ideologisk påverknad. Det er eit problem om fagfolk og offentleg helseteneste tilrår ei behandling som er så inngripande at ho kan påføre pasienten irreversibel og livslang fysisk skade. Lista over kjende biverknader vert lengre jo meir erfaring vi får. Og i vår støtta Helsedirektoratet helseføretaka i at hormonbehandling av barn må verte definert som utprøvande behandling.
KrF kritiserer kjønnsopplæringa skulebarn får, til dømes gjennom Aschehougs naturfagsbok for 3.–4. trinn.
Foto: skjermdump frå læreverket
– Trur du endra undervisning vil føre til at færre barn søkjer hjelp for å endre kjønn?
– Ja, forsking har i alle fall vist at fleirtalet av dei som i ein periode føler seg usikre, etter kvart finn seg til rette i det biologiske kjønnet dei hadde i utgangspunktet. Tidlegare barnelege og forskar Pål Surén er ein av dei som har uttrykt sterk uro for det som vert formidla til lærarar gjennom Rosa kompetanse-kursa. Frykta er at undervisninga skal forsterke kjønnsdysfori-trenden, ved at fleire barn opplever at noko er gale med dei. Då må vi ta grep. Eg trur vi må oppfordre lærarar og skule til å tryggje barna i at dei ikkje treng å passe inn i tronge kjønnsbåsar. Vi må ha rause rammer for kva gutar og jenter kan vere, slik at barn ikkje føler at dei fell utanfor. Den skuleboka eg viste til, kan trigge unødvendig utryggleik hos barn og unge.
– Eg synest det er rart at ikkje fleire stiller spørsmål.
Dag Inge Ulstein, KrF-leiar
– Har ikkje lærarar og fagfolk det beste utgangspunktet for å seie kva som er fagleg fundert?
– Jo, det er nettopp derfor vi er interesserte i at lærarar og fagfolk skal bruke den faglege oppdateringa og innsikta. Vi ser at Storbritannia har endra retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen. Det er det same vi ønskjer. Lærarane må ha forskingsbasert kunnskap som gjer dei trygge på undervisninga dei gjev. Derfor har vi foreslått å erstatte Rosa kompetanse-kursa for skule- og barnehagetilsette med kurs i regi av offentlege institusjonar som sikrar fagleg fundert undervisning med romslege rammer for kjønnsrollene.
– Det er Foreningen Fri som står bak Rosa kompetanse-kursa. Dei som står bak, har altså skoa på og kjenner kor dei trykkjer. Korleis skal slike kurs kunne skade barna?
– Dei har eit nytt syn på kjønn som eg meiner har gjort det biologiske utgangspunktet utydeleg. Eg trur det er viktig at vi respekterer og er rause med alle, uavhengig av bakgrunn, og møter dei på ein god måte. Men om ein skal identifisere seg med det kjønnet ein tenkjer at ein er, heilt fråkopla frå det biologiske, så vert det feil. Og det er det som ligg inne i undervisninga i desse kursa. Så eg tenkjer det er viktig med ein oppdatert læreplan, slik at barna får den beste og mest forskingsbaserte undervisninga.
– Skulane er jo ikkje pålagde å bruke kursa frå Rosa kompetanse. Det er valfritt. Veit ikkje skulane best sjølv kva kurs som fungerer?
– Det kan du seie, men samtidig har vi eit ansvar når mange barn ikkje får den beste og mest kunnskapsbaserte undervisninga på feltet. Om skuleundervisninga om kjønn først og fremst handlar om identitet og kjensler framfor biologi, så har ikkje undervisninga teke opp i seg oppdatert forsking. Vi kan ikkje sitje på sidelinja og sjå på det. Når Rosa kompetanse-kursa er så tydelege på at det finst fleire enn to kjønn, at det først og fremst er eit spørsmål om identitet, og når lærarar vert oppfordra til å bruke eit kjønnsnøytralt pronomen om barn utan at foreldra veit det, og når skulen vert tilrådd å ha kjønnsnøytrale toalett, då trur eg barn i ein sårbar fase kan verte usikre. Eg synest dette er viktig. Etter at det vart kjent at forslaga våre ser ut til å verte røysta ned på Stortinget, har fleire representantar komme til meg og sagt at dei er heilt samde med meg, men at det er vanskeleg å ta opp i partigruppa. Korleis kom vi hit?
– I syttiåra kjempa homofile mot haldninga om at homofili var smittsamt. Er det ein fare for at du går i den same fella no, og tenkjer på kjønnsinkongruens som smittsamt?
– Eg lener meg på forskinga som er gjord på feltet. Som nemnt seier ein psykologspesialist at vi må undersøkje om auken vi ser i talet på pasientar med kjønnsinkongruens, også kan vere uttrykk for sosial og ideologisk påverknad. Dette har ikkje noko å gjere med legning. Det har å gjere med at barn på eit tidleg stadium går i gang med irreversibel behandling og kirurgiske inngrep, medan forsking viser at dei som ikkje gjer det, men går til samtalar eller anna, landar og vert trygge i sitt eige kjønn. Vi som samfunn må våge å seie ifrå om dette. Eg synest det er rart at ikkje fleire stiller spørsmål.
– Vert dette ei valkampsak for KrF fram mot stortingsvalet neste haust?
– Dette handlar ikkje om valkamp, men om ei viktig sak for barna våre. Vi har hatt dette forslaget oppe også tidlegare. Det interessante no er at helseføretaka har slutta opp om at pubertetsblokkarar og hormonell og kirurgisk behandling for barn og unge er utprøvande behandling, og at Helsedirektoratet har snudd og meiner det same. Det har komme nye kunnskapsoppsummeringar. Så dette er ikkje eit lett utspel frå vår side; det er ei sak vi ser på som svært viktig. Vi må kunne utfordre undervisninga og opplæringa om kjønn i skulen og helsetenestene våre.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Ein mann trakkar på ein plakat av Bashar al-Assad i Damaskus.
Foto: Amr Abdallah Dalsh / Reuters / NTB
Uviss lagnad for Syria
Det store spørsmålet no er kva som vil skje framover i Syria, etter at opposisjonen overraskande fort tok over heile det regimekontrollerte Syria nesten utan militær motstand.
Andrea Bræin Hovig og Tayo Cittadella Jacobsen i rollene som Marianne og Tor, som møtest på Nesoddferja.
Foto: Arthaus
Leiken kjærleik
Alle gode ting er faktisk tre, om du lurte på om trilogien til Dag Johan Haugerud held heilt til mål.
Finansminister og leiar for Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum på landsstyremøtet i år. Partiet har falle kraftig på dei nyaste meiningsmålingane.
Foto: Thomas Fure / NTB
– Populisme er ikkje noko å vere redd for
Trass i dårlege meiningsmålingar har statssekretær Skjalg Fjellheim trua på at Senterpartiet har den beste politikken for Noreg.
Foto: Edvard Thorup
Makta og den uavhengige forskinga
«Eg er fullt klar over at mange gjorde ein stor innsats i Sør-Sudan, og med gode intensjonar.»
Fotballpresident Lise Klaveness under ein pressekonferanse på Ullevål stadion.
Foto: Erik Flaaris Johansen / NTB