5. desember 1974
Hauge-dagbøkene: «Er det Yeats sitt testament irlendarane fylgjer? Ser so ut. Krig, død, helteliv, er det ikkje det han uppmodar dei til i 'Under Ben Bulben'?»
Teikning: May Linn Clement
Til Voss. Tannlækjaren tok nestet or såret; såg fint ut, sa han. – Lese ut The Nun (La religieuse) av Denis Diderot. Ei merkjeleg bok; der er gode skildringar frå klosterlivet. Vert ikkje halden for den beste av dei tri romanane han skreiv.
Diktarane har ikkje brytt seg um moderne europeisk vitskap; dei beste har vorte trugne mot den gamle, mot den esoteriske, hermetiske vitskapen. Det er det merkelege. Jung høyrer til den.
Merkeleg, Yeats var meir uppteken av Balzac enn av Tolstoj og Dostojevskij. «Lambert» og «Séraphita» grunda han mykje på, han som Strindberg.
Lawrence er den største pomologen som har levt! Synd han ikkje skreiv um fleire eplesortar. Men Granat har han skrive um – so du aldri gløymer det. Me som hugsar Granat, dei unge har snautt set sorten. «The Pomegranates» heiter diktet. «Figs» er òg makelaust.
Etter Eliot – Lawrence. Kan gjera seg mange tankar! Lawrence har vel det rikaste verk i engelsk lyrikk i dette århundra. Men kunsten? Har han poetisk kunst? Nykritikaren tykte ikkje det.
Hadde Dostojevskij kunst? Nei, vil mange segja. Hadde Blake kunst? Nei, svært lite. Hadde Whitman kunst? Nei, vil estetikaren segja. Og har sagt. Og likevel! Slik er det òg med Lawrence.
Er det Yeats sitt testament irlendarane fylgjer? Ser so ut. Krig, død, helteliv, er det ikkje det han uppmodar dei til i «Under Ben Bulben»?
Høyrde Bjerke og Børli – millom andre – i Ynskjediktet. Lett å høyra kven som er diktar av dei tvo! – Elles las Bjarne Andersen eit dikt av Stephen Crane; ynskjet kom frå Eileen Pettersen. Han las fint, – det var «Stader nær soli».
Brev frå Sulyok; han vil ha meg til å setja um nokre dikt frå ungarsk til norsk: Sender med tyske umsetjingar, han gjeng ut ifrå at eg ikkje kan ungarsk. Nei, det kunde han trygt gå ut ifrå.
Kvar veke trykkjer vi eit utdrag frå Olav H. Hauges Dagbok 1924–1994, Samlaget 2000
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?