Film

Bob blir Bob

A Complete Unknown er ikkje komplett, men utdraget er komplett sjåverdig.

Timothée Chalamet spelar hovudrolla som den unge Bob Dylan, som kjem til New York i 1960-åra. Foto: The Walt Disney Comanpy Nordic
Publisert

Unge Bob Dylan (Chalamet) la Robert Zimmermann bak seg i Hibbing i Minnesota og troppa opp i New York i 1961 for å få audiens hjå idolet sitt, Woody Guthrie. Her møtte han samtidig visesongar og Guthrie-attaché Pete Seeger (Norton), ein stillfaren, men mektig mann i folk-bransjen. 

Med sjølvskrivne songar blir Dylan introdusert til kjendisar som Joan Baez (Barbaro) og folkemusikkscena som blømer på denne tida. Samtidig med suksessen kom kjærleiken, ein kombinasjon som ikkje alltid er like heldig.

Kvinnene

Det går ikkje lange tida før Timothée Chalamet eig rolla som Bob Dylan – den tynne kroppsramma, brune krøllar og eit fjes breiddfullt av uskuld og rein ambisjon. Måten han ramlar inn i byen på, er som i ein film, så eg reknar med at det må ha vore nokre fleire hinder i vegen enn det regissør James Mangold har skrive inn i manus, basert på boka Dylan goes electric! av Elija Wald. 

Likevel kjennest det som avgrensinga frå 1961 til 1965 er riktig og femnar mykje av mytologien kring Dylan, om enn lite av korleis han faktisk fekk erfaring og sjølvtillit til brått å bli akseptert av kreti og pleti basert berre på talent. Ingen kjem frå ingenting, og eg skulle gjerne visst kor det blei av Robert Zimmermann i all viraken. 

Kjærasten Suze Rotolo, mest kjend for å vera på omslaget til albumet The Freewheelin', har fått namnet Sylvie i filmen, men Elle Fanning gjev ho absolutt ein fin plass i historia som meir enn armpynt. Ei anna viktig kvinne i Dylans liv, både på privaten og ikkje minst karrieremessig, var Joan Baez. 

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement