Ein samisk Eilert Sundt – og ein Snorre
Erindringer presenterer og forklarer to nordsamiske tekstar som gjev bakgrunn for Kautokeino-opprøret.
Lars Hætta.
Foto: Sophus Tromholt, biletsamlinga UiB
Sakprosa
Nils Oskal, Johanna Johansen Iläs og Ivar Bjørklund (red.):
Lars Hætta og Anders Bær
Erindringer
Samiske beretninger om Kautokeino-opprørets bakgrunn, etikk og moral
Orkana Akademisk
Noreg slapp unna dei europeiske opprøra i 1848 takk vera ei god grunnlov og eit representativt parlament. Men fire år seinare, i 1852, fekk vi likevel vårt eige opprør, eller skal vi seia eit eige opprør hos samane, det såkalla Kautokeino-opprøret, som til og med kunne klassifiserast som ei terrorhandling, ifølgje dagens definisjon.
Fakta i denne hendinga er ikkje lett å skilja frå ulike forklaringar av henne, men det er vel semje om at dette hende: Ei læstadiansk vekking blant samar hadde ført til konfliktar med lutheranske statskyrkjeprestar. I 1851 vart ei rekke samar straffa for å avbryta gudstenester.
Året etter gjekk dei til direkte åtak på handelsmannen i Kautokeino, ikkje minst på grunn av brennevinssalet hans. Dei slo han i hel med vedkubbar, og då lensmannen kom til hjelp, vart han drepen med kniv. Dinest tok dei hushalda til handelsmannen og presten til fange og piska dei med bjørkeris.
Men andre samar kom seg unna og organiserte eit motåtak der to samar vart drepne og opprørarane tekne til fange. Fem av opprørarane vart dømde til døden og to av dei halshogde. Åtte fekk livstidsdom og andre fekk lange straffer. Så dette opprøret ende på same vis som 1848-opprøra.
Tekstar i fangenskap
I 1856 vart to av fangane, Lars Hætta og Anders Bær, kontakta av prest og språkforskar Jens A. Friis, dosent i samisk og finsk ved universitetet i Christiania. Han lærte dei norsk og ikkje minst å skriva på samisk, i samband med at han laga ein nordsamisk grammatikk og ei ordbok. Så fekk han dei til å skriva kvar sin tekst, som då vart dei første tekstane på nordsamisk skrivne av samar sjølve. Seinare hjelpte han dei med å søkja om nåde. Bær slapp fri i 1863, Hætta i 1867. (Jau, eg veit at ein normalt skal bruka både førenamn og etternamn på samar.) Båe var no fattige ettersom reinflokkane deira vart konfiskerte. Bær hadde ikkje meir kontakt med Friis. Men Hætta heldt frem som assistent for han, ikkje minst som omsetjar av Bibelen til nordsamisk, til dei båe døydde i 1896.
No er desse to tekstane utgjevne i ny omsetjing, saman med artiklar av professor i kulturvitskap Ivar Bjørklund, som reflekterer over kulturinnhaldet i Bærs tekst, professor i filosofi Nils Oskal, som reflekterer over moralsyn og religion i båe tekstane, og førsteamanuensis i samiske språk Johanna Johansen Ijäs, som ser på språkstrukturar i tekstane. Boka er dessutan godt illustrert med gamle foto og ikkje minst tresnitt av John Savio.
Religion
Éin av fleire grunnar til interesse for tekstane er at dei kan kasta ljos over bakgrunnen for opprøret. Derimot seier dei ingenting om sjølve opprøret. Båe tekstane refererer til hendingar fram til slutten av 1840-åra, men stoggar så brått.
Éi forklaring kan vera at fangane ikkje ville gjera det vanskelegare for seg å sleppa fri ved å gå inn på tilhøve som alt var omtalte i dommane. Likevel får dei godt fram korleis eit norsk herrefolk handsama samar: Norske prestar kunne til og med nytta Bibelen til å slå samar. Og pryl var vanleg pedagogisk middel i undervisinga. Ikkje at det ikkje var vanleg i norske skular òg.
Dei to tekstane er ulike. Hætta skriv som ein slags samisk Eilert Sundt, som forresten hadde vore lærar på Christiania Tukthus og gjeve ut ei bok om romanifolket i 1850. Hætta skriv etnografisk om reindrift og ulveplage, men mest om tilhøvet samane hadde til religion.
Thomas von Westen fekk jo (tvangs)omvendt samar til pietistisk lutheranisme tidleg på 1700-talet, til fortrenging av lokal naturreligion, noko som førte til fleire utbrot av ekstreme vekkingsrørsler, særleg den til Lars Levi Læstadius som flamma opp frå slutten av 1840-talet.
Brennevin
Alt dette skriv Hætta om på nøkternt vis, men med særlig vekt på «syndefull» livsførsel: «For å si det kort: drikkfeldighet, tyveri, utukt, råprat, skamløst snakk, kiv, stridighet, bannskap, verdenskjærlighet eller lyst og begjær etter penger og gods, og gjerrighet som gjør at man klager og sutrer over at det går med for mye mat og kjøtt.»
Av desse syndene var det nok «drikkfeldigheten» som var verst, noko som ikkje berre gjaldt samane. Også statskyrkjeprestane vert skildra som drikkfeldige. Opprøret i Kautokeino var ikkje minst eit opprør mot dette, ettersom den drepne handelsmannen selde sprit.
Teksten til Bær er derimot litterært biografisk forteljande i eg-form, og med ein stil som kan samanliknast med sagaene. Vi vert fortalde om Bærs barndom og oppvekst og frigjering frå ein noko tyrannisk far, og korleis han til slutt kan få sin eigen reinflokk og etablerer sin eigen siida, det vil seia sitt eige bruksfellesskap med andre reineigarar. Og ikkje minst om reisene sine frå Karesuando til Loppa og møte med lite respektfulle norske maktpersonar. Slik er Bærs tekst eksemplifiserande til Hættas tekst.
Førmoderne
Bjørklunds artikkel om Bærs tekst er god og klårgjerande og ikkje minst tolkande av skildringar der det ligg mykje undertekst som ikkje er lett å få auge på for oss som manglar mykje av konteksten.
Derimot har eg nokre innvendingar mot Oskals artikkel, der han søkjer henta ut kva moral ein kan finna hos Hætta og Bær. Dette gjer han i eit freistnad på å avvisa at dei berre var inspirerte av religiøse førestillingar. I staden vil han framstilla dei som moderne og opplyste eksistensialistar. Her refererer han til pietismens krav om individets sjølvgransking og omvending som liknande den moderne individualismen ein finn hos Kierkegaard og Sartre.
Sjølv ser eg det ikkje slik. Moderne eksistensialisme består ikkje berre av sjølvgransking og omvending, men mot til å stola på eigen vilje og rasjonalitet. Hos Hætta og Bær handlar det om å oppløysa dette til fordel for underkasting under Gud, altså eit førmoderne prosjekt, frå før opplysingstida.
Boka, som òg kjem i samisk utgåve, er uansett eit viktig bidrag til å gje innsyn i heilskapen i norsk kultur.
Arild Pedersen
Arild Pedersen er professor emeritus ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Moderne eksistensialisme består ikkje berre av sjølvgransking og omvending.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?