Kvinnekraft
Tyske Daniela Krien skriv feelgood med kvalitet og mild politisk brodd.
Daniela Krien fekk Sächsischer Literaturpreis i 2020 mellom anna for å setje sjølvsikre kvinner i sentrum i bøkene sine.
Pressefoto
Roman
Daniela Krien:
Kjærlighet i nødsfall
Omsett av Ute Neumann
Press
Kjærleik er gjerningar, ikkje romantikk, heiter det i Daniela Kriens samtidsroman. Kjærleiken kjem til syne i korleis ein behandlar kvarandre når det verkeleg tel, korleis han artar seg «i nødsfall».
Det handlar mykje om romantikk, samliv og relasjonar i denne soga om fem tyske kvinner i Leipzig. Romanen tematiserer spørsmål og val som blir aktuelle i livet til dei fleste, særleg kvinners liv: Skal ein nyte fridomen i singeltilværet eller søkje ein fast partnar? Må ein verkeleg elske den ein lever saman med, eller er det greitt med utruskap når tilhøva ligg til rette? Er sjølve meininga med livet å få barn, eller kan ein greie seg godt utan?
Men «ingen kjem unna politikken» som Marie Bergman song på 1970-talet. Aktuelle politiske understraumar og ikkje minst korleis tysk historie framleis pregar innbyggarane, gir forteljingane eit endå større alvor og djupn.
Eigne val
Dei fem kvinnene har kvart sitt kapittel i romanen. Dei er knytte til kvarandre anten gjennom familie eller venskap eller gjennom partnarar som kjem inn i og går ut av livet att. Kvinnene er privilegerte på mange vis, relativt velståande, høgt utdanna. Tilværet er likevel langt frå enkelt.
Paula er aleinemora som etter eit traumatisk brot får livet attende gjennom ein ny partnar. Judith er kanskje den mest fascinerande av kvinnene og den mest utradisjonelle. Livet hennar er likevel eit ganske typisk kvinneliv av i dag: Den dyktige og lynskarpe legen jaktar stadig nye menn på nettet. Ho er ute etter både reint seksuelle møte og kanskje noko meir seriøst. Særleg når det gjeld det siste, er det ingen som når opp til standarden ho har sett. Slik held ho fram i livet med berre éin verkeleg nær relasjon, og det er til hesten sin. Forfattarhaldninga er likevel klar: Livet til den sterke Judith er fullverdig. Det aller viktigaste er eigen integritet, og for å halde på den må ein av og til våge å gjere val som ikkje alltid er populære eller fullt aksepterte av omverda.
Brida er forfattar og slik sett kanskje den som liknar mest på Krien sjølv, i alle fall i det ytre. Det er ikkje den sterkaste av historiene, sjølv om også denne er solid. Då gjer dei to systrene som har dei to siste kapitla, meir inntrykk, Malika og Jorinde. Her er systerrelasjonen meir i sentrum enn kjærleiksrelasjonen mellom mann og kvinne. Det blir eit godt grep i ein roman som elles står litt i fare for å repetere seg sjølv.
Musikalsk
«Vesten rensket ansiktene for spor, mens livet i øst satte dem.» Krien har språket i si makt, og særleg er ho god på slike slåande setningar som presist rissar opp ein karakter eller ein situasjon. Både det særeigne tyske med den spesielle historia dette landet har, og det heilt lokale frå Leipzig festar handlinga i boka til røynda og gir truverd og koloritt til personar og miljø.
Leipzig er ein av Tysklands rikaste kulturbyar. I Kriens romanunivers er den klassiske kulturen mest til stades gjennom musikken. Dei fleste av dei fem kvinnene har eit nært tilhøve til klassisk musikk, anten dei sjølve er utøvande, skulle ha blitt ein stor pianist – eller er barn av berømte musikarar.
For alt eg veit, kan Krien sjølv ha snusa på ein profesjonell musikkarriere. I alle høve viser ho eit stort musikalsk talent når det gjeld å kreere ein tekst som både er harmonisk og djupt bevegande.
Ute Neumann har gjort eit solid arbeid med omsetjinga, her er ikkje noko som skurrar.
Hilde Vesaas
Hilde Vesaas er lektor, forfattar og fast meldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Daniela Krien har språket i si makt.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen