Teater
Ei framsyning det kunne vore gjort meir ut av
Når ein først set opp den forslitne Holberg-klassikaren, kvifor ikkje gjere han meir ukonvensjonell?
Eirik del Barco Soleglad i hovudrolla som Vielgeschrey. Kjersti Elvik spelar tenestejenta Pernille.
Foto: Thor Brødreskift
I vår tid med mobiltelefonar, scrolling, stress og ein manipulerande Donald Trump har Den stundesløse framleis noko å seie oss – sjølv om denne framsyninga meir er eigna til å kalle på låtten enn på ettertanken. Endå om danske Kim Bjarkes versjon av Holberg-klassikaren er relativt konvensjonell og litt tung den første timen, tek spelet seg gradvis opp og endar i ein overraskande og verknadsfull vri.
Det er akkurat 300 år sidan Den stundesløse blei framført første gong. Stykket høyrer heime i Holbergs gruppe av komediar om familieliv, som er tydeleg inspirerte av Molière, her især Den innbilt sjuke, med mykje av den same personkonstellasjonen og utforminga. Dette er ein intrige- og forvekslingskomedie av det heller enkle slaget, med ein handlingsgang som er ganske føreseieleg og med mindre samfunnskritikk enn i fleire av dei aller beste Holberg-stykka.
Mykje skrik
Den velståande borgaren Vielgeschrey (Eirik del Barco Soleglad) lever opp til namnet sitt – mykje skrik og lite ull. Han er alltid travelt oppteken med ting, men får utretta lite. Som tenestejenta Pernille (Kjersti Elvik) seier: Han «arbeider på intet, det er intet og det blir til intet». Men dette er han til gjengjeld god til, der han stadig ser ut som om han er på veg i fleire retningar samstundes, heile tida kommanderande og sukkande over eigen vanlagnad.
Tid og omtanke for andre har han lite av. Dottera Leonora (Katrine Dale) tenkjer han berre på å få gift med ein mann som kan gå han til hande, pedanten og bokhaldaren Peder Erichsen (Tormod Løvold). Men Leonora elskar Leander (Filip Kremner) og vil ikkje gifte seg med ein slik tørrpinn som den tyranniske far hennar har sett seg ut. Dermed må den snartenkte Pernille til med alt ho har av fantasi og knep for å få til den løysinga vi alle veit vil kome. I tillegg har ho lova å skaffe den naive og sterkt giftesjuke husjomfrua Magdelone (Jon Ketil Johnsen) ein ektemann.
Alt dette skjer på 1. april, då seier det seg sjølv kva vi har i vente. Og forviklingar og intrige blir det.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.