Teater
Svart humor om svikne barn
Kva skjer når mamma blir borte?
Det endar brutalt når seks barn må greie seg åleine.
Nolaith Boyle Både, i pelskåpe, spelar mor. Dei andre skodespelarane er frå venstre Sara Stadsnes Kuoppala, Sofie Røreng Øverland, Lea Carolina Wirowski, Jonas Hovda Martinsen og Matias Alexander Fleck.
Foto: Sondre Michaelsen
Hjemkomstene er ein del av Den unge scenen (DUS), eit landsdekkjande prosjekt som sidan 2004 har arbeidd for å lyfte nivået på ungdomsteater i Noreg. DUS tingar og utviklar sceniske tekstar for ungdom og lar stykka bli framførte av ungdom. Slik har eit førtital nye tekstar vorte handsama og spelte av 80 ungdomsgrupper i landet. Det er eit framifrå konsept.
I den tiande prosjektrunden har ungdomsteateret til Rogaland Teater valt eit stykke av dramatikar Fredrik Brattberg frå Porsgrunn. Han har skrive rundt 25 skodespel, vorte omsett til bortimot 30 språk og motteke fleire prisar.
I førehandsomtalen vert han skildra som ein fornyar av skandinavisk samtidsdramatikk. I Frankrike og Tyskland har han til og med blitt kalla eit geni i fleire riksaviser.
Skuffande
Ein slik ordbruk skrur forventningane mine opp. Så høgt at eg i starten vert skuffa. Teksten til Brattberg er prega av gjentakingar: Seks ungdommar repeterer for mange gonger at mamma ikkje har kome heim, at det må ryddast i leilegheita, og at eldstejenta treng ein pose å kaste søppelet i, det som flyt rundt dei. Dei triste kulissane består i eit vell av brune pappesker som fungerer som skap og bord alt etter som.
Så syner det seg at det er eit poeng med repetisjonane. Hjemkomstene er ikkje eit psykologisk-realistisk portrett av seks søsken som vert svikne av si eiga mor. Snarare er det ei stilisert framsyning av eit tilvære som vert meir og meir barnefiendtleg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.