Bok
Pionerverk om renessanseforfattaren vår
I skuggen av bokstraumen i haust kom det ut eit pionerverk: den fyrste moderne framstillinga av livet og forfattarskapen til Peder Claussøn.
Gustav Vigelands statue av Peder Claussøn frå 1935. Dette portrettet, som er basert på segnstoff, høver dårleg med den historiske Peder Claussøn.
Foto: Kjersti Lie / Wikimedia
Peder Claussøn (1545–1614) er eit av dei viktigaste namna i den tidlege fasen i norsk historie. Rune Slagstad introduserte som kjent omgrepet «nasjonal strateg» om viktige politiske og sosiale aktørar. Skulle dette omgrepet nyttast i tidleg nytid, ville Peder Claussøn bli utpeika som vår tidlegmoderne nasjonale strateg.
Peder Claussøn, som var sokneprest i Sør-Audnedal, var den fyrste som sette om Snorres kongesoger, Heimskringla, til dansk (1633). Dette arbeidet la grunnlaget for den posisjonen dette verket fekk i kulturen vår. Like viktig er Norrigis Bescrifuelse, ferdigstilt i 1613, utgjeve i 1632. Peder skreiv òg andre verk, som Om Diur, Fiske, Fugle oc Trær udi Norrig. Jamvel om dette verket ikkje kom ut som bok, vart delar omsette til latin av den danske humanisten Ole Worm.
Peder Claussøns noregsskildring vart eit førebilete for topografiske verk gjennom heile 1600-talet og vart omsett til tysk, fransk og latin. Jens L. Wolffs Norrigia illustrata (1651) er i hovudsak utdrag av Peders bok. Synet på Noreg i denne perioden var i stor grad skapt av Agder-presten.
No er det kome ut ei rikhaldig bok om denne mannen. Det er faktisk den fyrste moderne boka om livshistoria og verket til den tidlegmoderne forfattaren: Peder Claussøn Friis. Vigelands renessanseprest av Torstein Syvertsen. Ikkje uventa er det ein forfattar utan forskartilknyting og eit lokalt forlag som gjev ut boka. Då er det forståeleg at ikkje alle sider ved Peder Claussøn kjem med, som påverknaden han hadde som topograf. På bokomslaget heiter mannen Peder Claussøn Friis, men Syvertsen droppar «Friis» inni boka. Det er rett, for presten nytta sjølv aldri «Friis».
Statue
Den litt rare undertittelen, «Vigelands renessanseprest», viser til statuen Gustav Vigeland laga av Peder Claussøn i 1938. Han vektlegg Peder som reformasjonsprest – i gang med å knuse helgenfigurar frå katolsk tid.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.