Litteratur

Ei samling røyster som roper

Når Sara Stridsberg skriv, er ho aldri eldre enn tolv år. Men på slutten av den nye romanen trur ho at ho kanskje er tvungen til å veksa opp til slutt.

I den nyaste romanen følgjer Sara Stridsberg fire generasjonar som veks opp i Kungstornet i Stockholm, frå 1917 og fram til i dag.
Publisert Sist oppdatert

Farvel til Panic Beach er ein slektsroman som strekkjer seg over eit hundreår og fire generasjonar i Stockholm. Det er ingen munter roman; sinnssjukdom, rusmisbruk, sjølvmord og svik står sentralt, likeins born som ofte må klara seg på eiga hand fordi foreldra rusar seg.

«Alle jeg elsker, er fulle», skriv tolv år gamle Nina i dagboka si. 40 år eldre er Nina Stjärne bokas forteljar, som på alt anna enn kronologisk vis fører lesarane inn i den krunglete slektshistoria.

Følgjer instinkt

Stridsberg fortel at i byrjinga hadde ho berre nokre sterke bilete av ein mann som låg utslått på ei strand.

– Så blei det ei familiehistorie, som kanskje er det som kjem meg, livet mitt og min familie nærast av det eg har skrive. Spørsmålet om kven vi var og kven vi blir, er så vanskeleg å overskoda, seier ho.

– Eg følgjer alltid alle instinkt og bilete som kjem under skrivinga, bilete eg ikkje kan vika frå, bilete eg kanskje ikkje skjønar. Kjensla av at eg ikkje skjønar alt eg har skrive, gjer det litt skremmande.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement