Bok

Den kjærleiken

Elizabeth Strouts utforsking av skjøre og krevjande relasjonar imponerer stadig.

Elizabeth Strout er forfattar og skribent, busett i New York og Maine. Ho fekk Pulitzer-prisen for beste roman i 2009.
Publisert Sist oppdatert

I Strouts siste roman møtest tre hovudkarakterar som tidlegare har hatt kvar sine bøker i forfattarskapen: Olive Kitteridge, Lucy Barton og Bob Burgess. For dei som har følgt Strouts utgivingar tett, er det ei eiga glede i dette, men boka kan fint lesast frittståande.

I Fortell meg alt blir det sagt i innleiinga at dette er historia til Bob Burgess. Romanen handlar likevel mykje om Lucy og litt om Olive. For høvet er alle tre plasserte i same by, småbyen Crosby i Maine, der dei møtest hyppig – også med ektefellane sine.

Bob Burgess vart vi kjende med i bøkene The Burgess Boys og Lucy ved havet. Advokaten er ein stødig og varmhjarta fyr og blir ein nær ven av Lucy. Ho og eksmannen William evakuerte til Crosby under pandemien og så har dei berre blitt der. Her er ho blitt kjend med Olive, som har budd i småbyen heile livet og no er nitti år. Dei to kvinnene møtest for å utveksle historier frå røynda.

Som i tidlegare bøker er det evna til å kome på innsida av menneske som er Elizabeth Strouts superkraft. Plot og handling, språk og stil er alt saman solid, men ikkje oppsiktsvekkande eller djupt originalt. Det er måten ho skriv fram karakterar på, så levande at ein synest ein kjenner dei og nesten blir overraska over at dei ikkje vandrar rundt som verkelege folk – i Maine, i New York – som er heilt spesiell.

Uregistrerte liv

Eg er ikkje nokon ivrig krimlesar og sukka litt først over at Strout denne gongen har inkludert ein krimintrige i romanstoffet. Eg kom likevel raskt over motførestillingane og vart engasjert i saka, som Advokat-Bob tar som forsvarar: Ei kvinne blir funnen død i ein bil ved eit steinbrot. Sonen, einstøingen Matt Beach, blir straks mistenkt. Historia til Matt, mora og søstera blir gradvis rulla opp.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement