Film
Au, au, Audiard
Tretten Oscar-nominasjonar til dette?!
Kartelleiaren Manitas, spelt av Karla Sofía Cascón, har i årevis drøymt om å bli kvinne.
Foto: Norsk Filmdistribusjon
Den framgangsrike advokaten Rita (Saldana) får ein dag eit underleg tilbod om å tena feitt med pengar. Ho må berre møta kartellbaronen Manitas (Gascón) som har eitt ynske: å fullføra kjønnskorrigerande operasjon og leva vidare under ny identitet.
Neste gong dei treffest, fleire år seinare, får Rita nok eit oppdrag: Manitas, no Emilia Pérez, saknar ungane sine og vil gjenforeinast, koste kva det koste vil, til og med livet til den tidlegare kona, Jessi (Gomez). Med eit sånt plott er det klart det må dansast og syngjast.
Umusikalsk
Siste veke melde eg Robbie Williams-filmen og måtte med tårevåte auge og «Relight my Fire» på hjernen innrømma at eg, som ikkje utstår musikalar, faktisk digga Better man. Og her er me, ei veke seinare, og eg er rett tilbake på spar-meg-for-musikalar-toget, i eit forrykande tempo.
Så er også Emilia Pérez ganske forrykt på mange måtar. Kvifor ta ein såpeopera meint for sånn cirka åtti episodar og smæsja det saman til ei røre av ein filmatisert musikal som paradoksalt nok er altfor lang? Så eg likar ikkje musikalsjangeren, men når det dukkar opp unntak frå regelen, så kan det jo vera det finst fleire. Og når regissør og medmanusforfattar er sjølvaste Jacques Audiard, er det klart eg må gje det ein kjangs.
Umusikalsk
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.