Film

Ei verd av verdi

Publikumsfavoritten frå Thailand er ein søt og enkel film om familie og pengar.
  

Amah sel den lokale delikatessen congee. Då ho blir sjuk, hjelper barnebarnet Ben til. Men kva er motivet hans?
Publisert Sist oppdatert

M (Putthipong) er ein gamer utan suksess som vil bli rik utan innsats. Mora Sew (Sarinrat) er ikkje imponert. Då kusina arvar i rikt mon etter å ha passa på bestefar sin, får M ein idé. Han flyttar inn hjå bestemora (Usha) som har kreft. Spørsmålet for publikum er om guten heller kan lære noko.

Thaipop

Gløym kunstfilmane til gullpalmevinnar Apichatpong Weerasethakul med Onkel Boonmee som kan erindre sine tidligere liv. Gløym danske Nicolas Winding Refn og hans visuelle fantasi om dop, krim og kampsport i Bangkok, Only God Forgives. Gløym ikkje minst Leonardo DiCaprio på vill backpackertur i The Beach av Danny Boyle. Min bestemors millioner er noko anna enn det nordmenn er vane med å sjå av Thailand på film.

Fjernsynsmannen Pat Boonnitipat debuterer som spelefilmskapar. Han vann ein storvinst med Min bestemors millioner, som hamna på tolvteplass over dei mest populære thailandske filmane i historia. Filmen handlar om vanlege folk. Ulikskapen er tydeleg.

Nokre bur i eit historisk grannelag, nokre i rikare strøk i utkanten av hovudstaden. M seier at ein onkel er på børsen, medan ein annan er på børsten. Likevel er det ikkje ekstreme utslag, men universelle utfordringar. Figurane har tydelege roller og funksjonar. Den eldre Usha Seamkhum overgår dei unge stjernene med mindre tillært stil.

Tradisjonstru

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement