Bok
Rovdrifta på naturen
Iida Turpeinen minner oss på det vi helst vil gløyme.
Iida Turpeinen har fått eit internasjonalt gjennombrot med debutromanen sin.
Foto: Susanna Kekkonen
Med Klimakvartetten (2015–2022) sette Maja Lunde global oppvarming, minkande artsmangfald og klimaflukt inn i ein engasjerande litterær samanheng der fortid, samtid og framtid gjensidig belyste ein overordna tematikk: naturens eigenverdi.
Mange har etter kvart gripe fatt i den same tematikken, også finske Iida Turpeinen (f. 1987), som med dokumentarromanen Sjøkuer og andre utryddelser systematisk tar for seg den eine arten etter den andre som mennesket ubevisst har utrydda dei siste hundreåra, eksemplifisert gjennom Stellers sjøku.
Ukjent land
Kartlegging av ukjent land var ein del av dei store opplysningsprosjekta på 1700-talet. På oppdrag frå russiske styresmakter la danske Vitus Bering (1681–1741) ut på to store ekspedisjonar aust i Russland. Målet var å finne sjøvegen til Alaska. Bering døydde på Beringøya aust for Kamtsjatka. Med på den siste ekspedisjonen var også den tyske naturforskaren Georg Wilhelm Steller (1709–1746), som har fått fleire artar oppkalla etter seg, som stellerhavørn, stellersjøløve og stellersjøku. Det er Stellers sjøku som er omdreiingspunktet i Turmeinens debutroman om menneskets rovdrift på naturen.
Stellers sjøku blei utrydda på nokre tiår, men det finst eit skjelett utstilt på Naturhistoriska museet i Helsingfors som viser dimensjonane: rundt åtte meter lang og med ei vekt på ti tonn. Korleis skjelettet kom til Finland, er gjort grundig greie for av Turpeinen.
Ho følgjer utryddingshistoria fleire hundre år bakover i tid, også når det gjeld andre artar, og ho avsluttar originalt med å takke alle artane som er definerte som utrydda i den tida det tok å skrive boka. Det er over 400.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.