Kunst

Ei utstilling full av uventa møter

Opningsutstillinga til det flunkande nye museet i Bodø viser verk frå eiga samling frå 1800-talet til i dag. Det er ei frisk og variert samansetning, som samstundes spenner over litt for mange tema.
 

Publisert Sist oppdatert

I fleire tiår har det vore arbeidd for å få eit kunstmuseum i Bodø. Den 25. februar kunne museet endeleg opne dørene for publikum. Museet kom på eit godt tidspunkt. Berre nokre dagar før museet opna, vart Bodø Kunstforening lagd ned, då eigaren av lokala deira ikkje ønskte å forlenge leigeavtalen. Rett nok var målet å få Nordnorsk kunstmuseum Bodø klart i fjor, medan byen var europeisk kulturhovudstad, men tida vart for knapp.

Forseinkinga kan ha samanheng med at Nordnorsk Kunstmuseum har hatt ustabil leiing etter at direktøren heilt uventa vart avsett av styret i 2020. Kunstmuseet var utan leiar i to år, og den neste direktøren gav seg etter kort tid. Mot sommaren i år tek Stina Högkvist over. Ho har lang erfaring som samlingsdirektør ved Nasjonalmuseet. Vonleg vert det betre arbeidsro i tida framover.

Nordnorsk kunstmuseum vart stifta i Tromsø for førti år sidan, med ansvar for Nordland, Troms, Finnmark og Svalbard. Dette mandatet løyste dei lenge med å utarbeide vandreutstillingar. I 2022 vart det i tillegg etablert ein visningsstad i Longyearbyen, og no kom denne avdelinga i Bodø. Medan avdelinga i Longyearbyen fekk det poetiske namnet Galleri Nordover, vert dette heitande Nordnorsk kunstmuseum Bodø. Det er noko byråkratisk over dette namnet som vitnar om underavdeling, meir enn eit museum som står fritt til å utvikle eigen identitet.

Børs og katedral

Bygningen har så sanneleg eit særpreg. Det er freistande å seie at børs har vorte katedral, i og med at museet har teke over Bodø Sparebank-bygget frå 1949. Banken var teikna av Reidar Winge Lund og Arne Pedersen i ein modernistisk stil karakteristisk for gjenreisingsarkitekturen, med stramme og reine former.

Det er gledeleg å sjå at museet er plassert i ein slik staseleg bygning, som endåtil fungerer svært godt som museum. Sjølve utstillingsarealet er eit langt rom på to nivå. I taket er det sett opp skinner for fleksibel montering av lysspottar, så vel som lister for krokar for feste av lettvegger. Såleis står kuratoren fritt til å dele opp rommet nett som ein ønskjer. Takhøgda er også god.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement