Teater
Ein strålande idé, men vanskeleg å gjennomføre
Om ikkje alt er like vellukka, skapar Det Norske Teatret ei teaterframsyning vi aldri har sett maken til.
På scenen står sentrale politikarar frå 1989 og fram til i dag.
Foto: Siren Høyland Sæter
Tenk å nytte det utskjelte Eurovision Song Contest som modell for ein fiktiv konkurranse om dei beste visjonane for Europa dei siste tretti åra. Det er glitrande tenkt, og med den eine store statsleiaren etter den andre til å framføre visjonen sin musikalsk, legg ein opp til ei makelaus teateroppleving.
Her møter vi skurkar og heltar, Putin (Pål Christian Eggen) og Zelenskyj (Morten Svartveit), Angela Merkel (Heidi Gjermundsen Broch) og Boris Jeltsin (Jae Nyamburah Karanja), Boris Johnson (Hallvard Holmen) og Tony Blair (Carl Martin Eggesbø), Erdogan (Ingeborg Sundrehagen Raustøl) og Jens Stoltenberg (Rafid Arsalan Islam) og mange fleire. Og frå utsida, sjølvsagt, ein oppdatert Donald Trump (Natalie Bjerke Roland) med stadig nye, høgst personlege «visjonar».
Sprikande nivå
Forma gir seg så å seie sjølv, for her er det dei årvisse Eurovisjons-tevlingane som definerer formatet, og dei ulike musikkinnslaga (der klede og anna gjerne er viktigare enn musikken) som bestemmer publikums reaksjon og stemmegiving. Men teateret krev noko som nok ikkje er like viktig på den verkelege Eurovisjons-scenen – gode, gjennomarbeidde tekstar. Og her er nivået noko sprikande.
Det skapar attkjenning når Merkel syng om at dei skal klare det, slik vi òg får ei kjensle av attkjenning når Putin lanserer sitt negative motto om demokratiet. Dei som kjenner historia, vil også nikke smilande til Blairs «Shopping, bilar og sydenturar». Attkjennande er også musikken, for dei som har følgt ESC, medan tekstane er nyskrivne, politiske og stundom dagsaktuelle så det held.
Verbal krig
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.