Teater

Sterkt og godt og farleg relevant

Moral og styrke mot makt og eigen­kjærleik i reinskoren tolking av gresk klassikar.
 

Vaktaren (Huy Le Vo) og kong Kreon (Stig Amdam).
Publisert Sist oppdatert

Det er knapt til å tru, og ganske uhyggeleg, men fleire gonger under framsyninga av den snart 2500 år gamle tragedien måtte eg tenkje på Donald Trump. Korleis han skremmer motstandarar til togn, og korleis han vinn fram med trugsmåla og den løgnaktige retorikken sin. For den autoritære kong Kreon av Teben (Stig Amdam) har ingen respekt for lovene om dei står mot hans vilje, ingen respekt for rettferd og går gladeleg over lik.

Kamp på liv og død

Stykket er eit slags framhald av Kong Oidipus. Sønene hans fører krig om kongemakta, den eine som konge av Teben, den andre kjem med ein hær han har mobilisert utanfor riket. Det endar med at dei drep kvarandre. Og den nye kongen, Kreon, bestemmer at vinnaren, Eteokles, skal gravleggjast med full statleg heider, medan han som kom utanfrå, Polyneikes, skal liggje som åte for fugl og villdyr, «utan grav og gråt».

Det siste er eit klart brot mot dei uskrivne lovene som kravde at ein skulle gi fallen frende grav og gravs fred. Systera deira, Antigone (Reidun Melvær Berge), bryt kongens urimelege vedtak og blir straffa med dødsdom. Med det byrjar ein kamp på liv og død, ein konflikt som endar med meir død og kongens fall. Slik må det gå, ifølgje Sofokles, når kongen berre lit på eigen forstand og neglisjerer gudane og varsla deira.

Framifrå regissør

Igjen syner Alan Lucien Øyen kva for framifrå teaterregissør han har utvikla seg til å bli. Rett nok opnar framsyninga med ei 25 minutt lang syning av den drepne Eteokles – liggjande i ei svart kiste, med salmesong og minneord. Alt fri dikting og ikkje noko som står i den originale teksten. Men det fungerer godt som ein introduksjon til tragedien. Så flyttar publikum seg over i eit heilt tomt rom med eit par søyler og nakne vegger, der spelet held fram slik Sofokles har skrive det.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement